Barseltreff i Flatdal (sjå namn nedst i saka.)

Babyboom i bygda

På Bui i Flatdal er det fullt av små og store. Butikkdrivar Olav Prestårhus satsar på småbarnsfamiliar.

Publisert Sist oppdatert

Omgrepet «stinn brakke» fekk ny tyding då VTB besøkte «Støgo Kånns» på Joker Flatdal (Bui) nyleg. Ja, for det var verkeleg fullt i kaffistova til Joker-sjef Olav Prestårhus. Ei stove (tilbygg) som stod ferdig i 2018. 

– Det var jo derfor me bygde dette. Me ønska å skape eit samlingspunkt, smiler Olav, som saman med kona Mia Søndrål, har drive Joker-butikken sidan 2014.

Og samlingspunkt har det blitt. For det er hit dei kjem trillande eller køyrande denne vårdagen; 14 babyar, foreldre og nokon søsken.

Ein stad ein kan skravle

Det ryktast at det er babyboom i Flatdal, og diskusjonen rundt for få barnehageplassar er høgst levande.

– Eg saknar eit seriøst reknestykke frå politikarane, og vil utfordre dei på det. For noko av det mest lønnsame må jo vere småbarnsforeldre og ungar, seier Olav, som sjølv har tatt grep i butikken med følgande plakat;

La bygda leve. 1/2 pris på bleier, dobbel pris på kondomar.

Olav Prestårhus med unikt tilbod på Bui i Flatdal.

– Dei unge i bygda inspirerer oss til å halde på. Når det kjem folk på besøk frå Joker-kjeda sperrar dei opp auga når dei ser så mange ungar og folk på denne vesle staden, fortel han.

Ifølgje Olav tok det litt tid før folk byrja å bruke kaffistova, men nå strøymer det på med folk, særleg med småbarnsforeldre. I stova er det også eit mini-bibliotek.

– Eg trur det er viktig å ha ein plass å samlast, ein stad ein kan skravle. Det er stadig fleire som kjem hit, det er veldig moro! Det kan hende eg må utvide, seier han, og smiler breitt.

Og litt lengre ut i samtala fortel han om oppussingsplanar.

– Eg kan røpe at me skal pusse opp stova. Me må fornye oss litt, og vil prøve oss på bilete-tapet frå området vårt.

Frå venstre: Kristin Forberg med Vetle, Marte Haugsvold, Christina Rue med Vårin og Anne Bjaaland Barstad med Håvard.

Framtidsoptimisme

I kaffistova myldrar det av store og små. Sola skin inn døra, det er fullt rundt borda, og nokon drikk den populære iskaffien til Olav.

– Det er faktisk den einaste bygdebutikken i denne kjeda med slik iskaffi. Me er pilotbutikk, fortel butikksjefen.

Marte Haugsvold (31) er Flatdal-innflyttar, gift, og bur på gard i Svartdal. Yngstemann Jon Emil (2 1/2 månader) er grunnen til at ho møter barsel-venner på Bui.

– Det er ei barselgruppe som stadig fyllast på, smiler ho.

Christina Rue (36) er oppvaksen i Flatdal og har med seg Vårin (2 1/2 månader) til barseltreff. Vårin er nummer tre i søskenflokken, men mor har aldri hatt ei barselgruppe som denne.

– Dette er heilt unikt. Eg blei invitert inn i ei Messenger-gruppe. Det er veldig sosialt å vere med, og superkoseleg å kome hit, seier ho.

Anne Bjaaland Barstad (33) har med seg Håvard som berre er tre veker gamal. 

– Bui er eit fint samlingspunkt, her er det stadig folk, seier ho.

Anne kjem frå Morgedal, og mannen kjem frå Åmotsdal. Kvifor har familien slått seg ned i Flatdal?

– Det er ein fin plass og eit trygt miljø, smiler ho.

Marte seier at unge som buset seg i Flatdal har eit ekstra «driv».

– Det er utruleg framtidsoptimisme her. Folk ønsker å få det til.

Små og store på barseltreff.

Kristin Forberg (34) er frå Bø. Ho møtte ein flatdøl, og dei kjøpte seg småbruk i heimbygda hans. Minstemann Vetle (fire månader) er med til barseltreff på Bui. 

– Me bur i Flatdal fordi det opna seg ei moglegheit med gard og fordi det er veldig fint her, fortel ho.

Ho set pris på moglegheita for hyppige treff i barselgruppa.

– Det er alltid nokon som kan.

Satse på folk

At det ikkje er nok barnehageplassar i Seljord kommune engasjerer mange av småbarnsforeldra på Bui.

– Dei bør auke bemanninga. Me ønsker at barnehagen i Flatdal tar inn eittåringar, seier Marte.

Ho har tidlegare skrive lesarinnlegg i VTB.

Kvar skal barnet vårt vere når permisjonstida er over?, spurte ho då.

– Ein må satse på folk der dei bur, seier ho nå.

Frå venstre: Julie Velta med Noah, Elisabeth Tveiten Øya med Ivar og Mari Bjaaland Barstad med Frida.

Ved inngangen til kaffistova treffer me Mari Bjaaland Barstad med Frida, Elisabeth Tveiten Øya med Ivar og Julie Velta med Noah. Dei trivast alle svært godt på barseltreff på Bui.

– Det er heilt nydeleg å kome hit, seier Elisabeth.

Vilde Vosgraff og Johannes Grøstad Barstad har kome til kaffistova med tvilling-sønene Eivind og Jonas på 10 månadar. 

– Eg blei bondefanga, fortel Vilde, som opphavleg er frå Risør, og legg til at Johannes, frå Flatdal, ikkje er bonde. 

Johannes Grøstad Barstad og Vilde Vosgraff med Eivind og Jonas.

Kjell Magne Vrålstad, opphavleg frå Drangedal, bur nå i Åmotsdal med Monica Skretting frå Notodden. Saman har dei dottera Elena (seks månader). Elias (4) er også med til Bui denne dagen.

– Me har tatt over ein gard etter tante og onkel i Åmotsdal. Men eg budde i Flatdal i barndomen, og det er eg veldig glad for, det var ein veldig fin barndom, seier Kjell Magne.

Kjell Magne Vrålstad og Monica Skretting med Elena og Elias.

Bæreseler blir tatt på, vogner blir gjort klare. Det er tid for å tusle – eller køyre – heim att frå Bui. 

– Det er stas med vår, smiler Olav.

Barsel-foreldre på Bui (bilete øvst i saka). Framme frå venstre: Marte Haugsvold, Mari Bjaaland Barstad, Christina Rue, Kristin Forberg, Kristin Sollid Haugen, Anne Bjaaland Barstad. Bak frå venstre: Ingvild Haukås, Johannes Grøstad Barstad, Vilde Vosgraff, Elisabeth Tveiten Øya, (butikksjef Olav), Julie Velta, Bjønn Raftevold Rue, Torjus Birkrem, Monica Skretting, Kjell Magne Vrålstad, og Anne Karin Slåtta.

Powered by Labrador CMS