Sommargjesten
Andreas vil aller helst vere i Rauland i sommar
Namn: Andreas Romtveit
Alder: 17 år
Bur: Rauland
Gjer: Elev ved Rjukan videregående, skal bli tømrar.
Kva er planane dine denne sommaren?
Planane mine denne sommaren er å jobbe litt, men eg må nå ha eit par veker med litt fri også.
Har du eit sommarminne du vil dele?
Eg såg fotballkampen Noreg mot Irak, saman med dei eg gjekk i klasse med på vidaregåande. Der Noreg vann soleklart (4-1)!
Kven gjorde sist noko for deg som du sette pris på?
Eg blei invitert i ein konfirmasjon av ein veldig god kompis av meg, så det synest eg var veldig snilt.
Kva opptek deg i lokalmiljøet?
Det som opptek meg mest er at me har ein god del fritidstilbod, som til dømes ungdomsklubben. Og også at du kan vera trygg på alle rundt deg, og at her er lite mobbing.
Kvar i Vest-Telemark vil du helst vera ein fin sommardag?
Eg vil aller helst vere i Rauland sjølvsagt, men eg kan til dømes reise ein tur til Kviteseid å klatre i eit par timar.
Kva ville du vist til nokon som kom til Vest-Telemark for fyrste gong?
Eg hadde kanskje anbefalt å teke ein fjelltur, eller kanskje tatt Fjellvåken inn mot Mogen eller Møsstrond turisthytte.
Har du eit ord eller uttrykk frå Vest-Telemark du likar godt?
I staden for at me i Vest-Telemark seier «oss», så seier me «økkon». Eller at me seier «ikønn» i staden for «ekorn».
Nokon du vil sende ei sommarhelsing til?
Eg vil sende ei helsing til mamma, pappa og syster mi.