For søskena Tuva og Vetle er målet klart: Dei skal bli nummer ein i verda
På Dalen er lyden av rulleski og stavar mot asfalten eit sikkert teikn på at Tuva og Vetle Smalås Bergheim har ei treningsøkt. Og treningsøkter har søskena mange av.
– Dei har alltid hatt ein indre driv. Dei har pusha på og me har måtta bremsa dei litt, fortel Elisabet Smalås Haagensen.
Ho er mor til skiskyttarane Tuva og Vetle, Vetle er 13 og Tuva fyller snart 15 år, og mamma kan fortelje om to ungar som tidleg var svært aktive, både på tur og trening. Sommaren før Tuva fylte sju og Vetle var fem fekk dei endeleg lov å gå til Galdhøpiggen. Då hadde dei masa ei stund.
Foreldra, Elisabet og Bjørn, tenkte kanskje det var for langt og krevjande, men det meinte ikkje ungane, og dei to kunne stolte finne fram flagget då dei nådde toppen.
Vetle hugsar ikkje så mykje frå turen som femåring, men han hugsar at han vifta med flagget på toppen.
Hadde berre sett skiskyting på TV
At det vart akkurat skiskyting som vart den store lidenskapen til dei to søskena, er ganske tilfeldig. Mamma er tidlegare handballspelar og pappa var langrennsløpar, så det var ikkje dei som introduserte skiskyting for ungane.
– Eg hadde berre sett det på TV, og syntest det såg artig ut, fortel Tuva.
Som fyrsteklassing byrja ho på skitrening på Åmdals Verk, men då ho kom i 3. klasse fekk ho ein lapp med heim frå skulen. På lappen var det informasjon om skiskyting som dei hadde i Fyresdal.
Det vart full treff.
– Eg fekk ned dei blinkane ganske lett, fortel Tuva.
Tidleg meistringsfølelse og eit godt miljø i klubben gjorde Tuva hekta. Og snart blei veslebror med også. Dei fyrste par åra var Vetle mest glad i å gå på ski, og det tok litt tid før skiskyting var det han lika best.
Mamma fortel at Vetle ville at det skulle gå fort, og hadde litt dårleg tid når han skaut.
– Eg bomma mykje, flirer Vetle.
– Nå er skytinga gøyare, og eg er betre enn før.
– Korleis er det å halde børsa roleg når du har høg puls?
– Det er vanskeleg.
To i toppen
Men at han handterer det ganske så godt har han bevist mange gonger. I det store skiskyttarrennet Kvalfoss-sprinten som kvart år blir arrangert i Holmenkollen med utøvarar frå heile landet, har Vetle stilt til start fire gonger. Til sprint og normal både i 2025 og 2026 – og alle fire gongene har han vore fyrstemann i mål.
På rommet står dei fire trofea på øvste hylle i medaljeskapet. Det byrjar å bli litt fullt her, kanskje han må utvide om han skal halde fram i same spor. Vetle smiler litt, og fortel at dei fire trofea frå Kvalfoss-renna er dei han set høgast. Saman med sigerstrofeet frå Liatoppen, verdas største skiskyttarfestival med over tusen deltakarar opp til 16 år. Her har Vetle vunne begge renn både i 11-, 12- og 13-års klassa.
Tuva har også markert seg nasjonalt. Ho tok også med seg gull heim frå Kvalfoss-sprinten i vinter, og i vinter gjekk ho for fyrste gong Hovudlandsrennet som er som eit NM for 15- og 16-åringar. Debuten gjekk knallbra – sølv.
Alt då Tuva stod opp renndagen kjente at ho at det var ein bra dag. Kroppen var fin, påskrudd og med gode tilbakemeldingar tidleg i løpet vart ho endå meir motivert.
Og det heldt heilt inn.
– Du må ha ein bra dag. Alt må stemme, fortel ho.
Fotball, blink, ski og mange mil i bil
Når VTB besøker Tuva og Vetle heime på Dalen har dei eit lite vindauge heime. Dei to siste dagane har dei trena på Rauland, dit dei ofte reiser for å gå på rulleski. Førre veke var dei begge på Norway Cup for dei spelar fotball også, og dagen etter skal dei til Sandnes for å delta på Blinkfestivalen. Deretter skal Vetle på treningssamling i Holmenkollen og Tuva til Rauland på treningssamling der.
Det blir mykje reising året rundt, men særleg i vinterhalvåret. Både mamma og pappa er med og det same er hunden Nuuki.
– Det verste er all reisinga, meiner Tuva.
Å pakke ned og kanskje særleg pakke ut igjen når dei kjem heim.
– Og det er jo ikkje alltid me rekk å pakke ut før me skal reise igjen, ler mamma Elisabet.
I løpet av vinteren er det renn nesten kvar helg, og for familien frå Dalen har dei nesten alltid lang køyreveg. To veker måtte dei vere vekk i vinter då det var Hovudlandsrenn i Folldal i mars.
Siktar mot verdstoppen
Dei trenar kvar dag året rundt, men i feriar og helger blir det ofte to økter. Tuva, som er eldst, trenar litt meir enn Vetle. Dei kjenner etter på kroppen kva dei treng og kan, og pappa Bjørn følger dei også opp.
I sommar har det blitt mykje trening, og familien stoppar ofte på ulike skiskyttarstadionar når dei reiser rundt i Noreg for å trene litt. Men snart byrjar skulen igjen – Vetle byrjar i 8. klasse og Tuva i 10. klasse. Berre eitt år igjen på Tokke skule for Tuva, neste år ventar skigymnas. Om det blir Sirdal, Lillehammer eller Geilo har ho ikkje bestemt seg for endå. Men ho gler seg. Mest av alt til å vere ein del av eit større treningsmiljø.
For det kan av og til vere litt tungt å trene mykje aleine. Vetle er meir glad i treninga enn Tuva. Motivasjonen til Tuva er klar.
– Eg vil bli betre. Det gjev ein veldig god følelse etterpå. Etter eit renn prøvar eg alltid å sjå tilbake på rennet, å tenke – kva gjorde eg bra, kva kunne eg gjort betre.
Sjølv om Tuva gler seg til å bli ein del av eit større treningsmiljø, er ho og Vetle glade for at dei er to. Det blir mange økter saman. Konkurranseinstinktet er omtrent like stort hos begge to. Dei både pushar og heiar på kvarandre. Og målet som heile tida driv dei til å trene hardt deler dei. Verken Tuva eller Vetle nølar når dei svarar på spørsmålet om kor gode dei skal bli:
– Best. I verda.