111 110 pakkar ligg klare til å bli henta hos Posten Bring
Totalt ligg det no over hundre tusen pakkar klare til henting hos Posten Brings sine 3700 hentestadar over heile landet. Bare i Telemark ligg nesten 3 000 pakkar å ventar på eigaren sin.
– Sjølv om Posten Brings terminalar vart tømde før joleftan så er det framleis mange pakkar som ikkje er henta frå dei 3.700 hentestadene våre over heile landet. Kanskje har Posten ei ekstra jolegåve til deg som du ikkje rakk å henta ut før jula vart ringd inn, seier kommunikasjonsdirektør Kenneth Tjønndal Pettersen i Posten Bring i ei pressemelding.
Dei to siste vekene før jol i år, vart over tre millionar pakkar handterte ved terminalane til Posten Bring og leverte av postbod til postkasser og hentestader.
– Dersom du har uhenta pakkar er det nok lurt å henta ut pakkane frå hentestaden så raskt det lèt seg gjera. Hentefristen er nemleg på sju dagar og Post i Butikk vil halda ope så lenge butikkane er opne i romjula. I pakkeboksane er det derimot mogleg å henta heile døgnet, så lenge du har Posten-appen, forklarer kommunikasjonsdirektøren.
Eigen detektiv
Dersom du saknar ei pakke, kan det også hende at den er hos Postens jolegåvedetektiv.
På heimesida til Posten er det mogleg å sjå bilde og omtale av ulike pakkar som saknar mottakar eller avsendar. Kanskje det er her gåva som ikkje kom fram til jol ligg, melder posten.
(©NPK)