Bjørn Kise Traaholt er med bestefar på biltur i ein BNW frå 1937.

107 sportsbilar på veg gjennom Vest-Telemark

107 gamle sportsbilar deltek denne helga i Norwegian Sports Car Rally. Dei starta frå Vrådal fredag morgon.

Publisert Sist oppdatert

Olav Omtveit er ein av dei som er med. Han er oppvaksen i Morgedal, men bur nå i Asker. Og saman med sonen Eivind køyrer han ein MGA 1962 modell.

Eivind (t.v.) og Olav Omtveit i ein MGA, 1962-modell.

Turen starta i Vrådal fredag morgon, gjekk vidare til Dalen, over Haukelifjell, til Røldal og vidare til Ullensvang. Totalt 260 kilometer den første dagen. Dei 107 bilane som deltek skal vere på hjul fram til sundag. 

Eivind og Olav Omtveit starta turen i Vrådal fredag morgon.

Tre generasjonar med

Bjørn Kise kjem i ein BMW frå 1937.

Bjørn Halvor Kise tek ein liten sjekk på bilen før han reiser vidare. – Det er lurt å peile olje og sjekke at det er bremsevæske, seier han.

– Det er berre produsert 462 slike bilar, fortel han.

Kise har vore med på Norwegian Sports Car Rally kvart år sidan 1998. 

– og me er tre generasjonar som er med, i tre bilar, fortel han.

Bjørn Kise Raaholt (t.v.) saman med bestefar Bjørn Kise i ein BMW frå 1937.

Peder Anker har fleire gamle bilar. I år stiller han i ein MGB V8 frå 1962. Anker har ikkje helse til å køyre sjølv lenger, fortel han, men har fått med seg naboguten Simon Haga som sjåfør.

Peder Anker har vore med på Norwegian Sports Car Rally mange gonger. Simon Haga er med for fyrste gong.

– Me er veldig bilinteresserte begge to, fortel han.

Naboane Peder Anker (t.v.) og Simon Haga stilte i ein MGB V8 frå 1962..

Tore Rygh Johansen er med som mekanikar på turen. Og køyrer heilt til slutt. Det har han gjort i fleire år. For dette er eit årleg arrangement som har blitt arrangert sidan 1993. Og sjølv om dei køyrer mange mil på denne langhelga brukar alle bilane å kome fram. Det hender at mekanikaren må skru litt. Men dei brukar å få det til.

Michael (t.v.) og William Malling i ein Corvette 1969 modell. Dei kjem frå Oslo, og tek ein kikk på motoren før dei køyrer vidare.

– Det er fordi dette er gamle enkle bilar. På ein gamal bil kan ein ofte fikse og trikse det til, seier han.

– Kviteseidkleivane har blitt ein signatur

Hotelldirektør, ved Straand hotell, Lars Arne Straand er fornøgd med å få fylt opp hotellet med bilentusiastar.

Førre helg var Alfa-Romeo klubben på besøk i Vrådal. Neste helg kjem Porsche-klubben. 

Hotelldirektør Lars Arne Straand (t.v.) har besøk av bilentusiastar frå heile Noreg. Denne helga er det Norwegian sports car rally. Tore Rygh Johansen er ein av arrangørane, og også ansvarleg mekanikar.

Dei likar seg på vegane i Vest-Telemark fortel Straand. Og særleg er det ei etappe dei er opptekne av – Kviteseidkleivane.

Andrew Rogers kjem kjem frå Australia, men bur nå i Oslo og køyrer ein MGA 1962 modell saman med kona Kristine.

– Kviteseidkleivane har blitt ein signatur, seier han.

Siri og Olav Hjøringdal har køyrd denne bilen, ein MGTD 1952 modell, frå Hareid i Møre og Romsdal. Det er langt . – Men i fjor var me i Frankrike med denne bilen, fortel Siri.
Kjell Gunnar Wåden og Gunhilde Arntzen har tatt turen frå Hof i Vestfold i sin MGB 1969 modell.

 

Bente og Olav Østli i sin MGTD 1953-modell. – Bilen heiter Olivia, fortel Bente.
– Det der er ein ulv i fåreklær, seier Bjørn Kise om Porscha frå 1971. Den har ein topphastigheit på 330 km/t. – Men ein kan ikkje køyrer så fort i Noreg, legg han til.
Per Christoffer Kise og Nicoline Bors Halden kjem frå Oslo og køyrer ein Jaguar e-type
Powered by Labrador CMS