LESARINNLEGG

Vil vi ha landbruk i Fyresdal?

Sist formannskapsmøte i Fyresdal var det så sjeldant som fem søknadar om tilskot frå innbyggjarar i kommunen som vil satse i landbruket. Dei handla om investering i fjosutbygging og modernisering, kjøp av mjølkekvote, og etablering av eige foretak knytt til lokalmat. Alle med ynskje om å oppretthalde eller skape eigne arbeidsplassar og å nytte lokale ressursar.

Det blir i saksutgreiingane framheva at satsingane får ringverknader for anna næringsliv i kommunen, og at ein tidlegare har prioritert tilskot til bygging av fjøs høgt, grunna at primærnæringane er viktige arbeidsplassar i kommunen.

Administrasjonen ga ei tilråding om at tilskotssatsen burde reduserast frå retningsgivande 10 %, dels grunna at investeringane i to av utbyggingane var så store og at det var «begrensa ressursar i næringsfondet». Ein av søkjarane blei i fjor oppmoda om å vente til 2025 med å søke om midlar frå næringsfondet grunna lite pengar att i 2024.

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS