Det har vore mykje arbeid på vegen i Eidsborgberget dei siste året. Til våren er det ein ny sving som skal utvidast og sikrast.

Vegen blir stengt i seks veker

Til våren blir det på nytt arbeid på vegen i Eidsborgberget. Planen er å byrje etter påske.

Publisert


Det opplyser Tokke kommune på sine heimesider. Til våren er det sving nummer tre, den trongaste av svingane i Eidsborgberget, sin tur. Svingen skal utvidast og sikrast.

Førebels er planen å byrje med opprigg etter påske, som i år er i starten av april. Det blir naudsynt å stenge vegen heilt i om lag seks veker, truleg frå midten av april og ut mai. Deretter blir vegen delvis open, slik den var under fjorårets arbeid. Altså, heilt open fredag, laurdag og sundag, og frå klokka 14.30 til 16.00 og frå klokka 19.00 til 08.30 i vekedagane. 

I sommarvekene 28, 29, 30 og 31 blir vegen heilt open. 

Powered by Labrador CMS