Trafikken i mobilnettet går nå som normalt

Søraust politidistrikt melder torsdag ettermiddag om problem med telenettet. Det kan føre til at folk ikkje kjem gjennom til naudnummera 110, 112 og 113.

Publisert Sist oppdatert

Problema kan også gjelde dei ordinære telefonnummera til brannvesen, ambulanse og politi.

Politiet oppmodar folk som er i naud og ikkje kjem gjennom på telefon, om å oppsøkje næraste politistasjon, brannstasjon eller ambulansestasjon.

I ei oppdatert melding klokka 17.02 opplyser politiet at det kan vere vanskeleg å kome i kontakt med lokale brannvesen som er baserte på frivillige mannskap. I slike tilfelle blir folk oppmoda om å oppsøkje politi eller ambulanse.

Oppdatering 18.13: Ein kan nå politiets operasjonssentral på 33344400.

Det er også mogleg for innbyggjarane i sør-aust å få kontakt med politiet via nettpatruljen på politiet.no.

18.48 melder Telenor at mobilnettet går som normalt.

Powered by Labrador CMS