Øvre Telemark tingrett i Kviteseid

Tidlegare konsernsjef og VTK møttest i retten. Tvisten står om 37 feriedagar og 275 000 kroner

Tidlegare konsernsjef i VTK Holding, Svenn-Erik Rafoss, har saksøkt sin tidlegare arbeidsgjevar. Tysdag møttest dei i retten. 

Publisert Sist oppdatert

– Saka rører ved prinsipp knytt til arbeidsgjevar sitt pålegg om ferieavvikling i oppseiingstida, som tidlegare ikkje har vore handsama i rettsapparatet. 

Det seier advokat Nicolay Skarning til VTB. 

Skarning representerer Vest-Telemark Kraftlag Holding AS (VTK Holding) i saka som tysdag gjekk i Øvre Telemark tingrett i Kviteseid.

Ketil Kvaale (f.v.) frå VTK Holding, advokat Nicolay Skarning frå advokatfirmaet Simonsen, Vogt, Wiig og advokatfullmektig Susanne Gallala frå arbeids- og interesseorganisasjonen Samfunnsbedriftene i Øvre Telemark tingrett i Kviteseid.

Svenn-Erik Rafoss vart tilsett som konsernsjef i VTK Holding i februar 2023. I april 2025 meldte styret i VTK at dei ikkje hadde tillit til Rafoss lenger, og han slutta i jobben på dagen – 11. april i fjor. 

Tvisten som nå har ført dei to partane til retten handlar om ferieavvikling. Då Rafoss slutta på dagen hadde han fyrst ein oppseiingsperiode på seks månadar frå april til oktober der han mottok ordinær løn. I tillegg hadde han ei avtale om eitt års etterløn. Då han slutta hadde han totalt 37 feriedagar til gode (25 dagar frå 2025 og 12 dagar frå 2024). Det er desse feriedagane tvisten handlar om. 

VTK meiner at Rafoss vart pålagt å ta ut ferieavvikling i oppseiingstida, og har derfor trekt han i løn for dei 37 arbeidsdagane. Rafoss meiner han ikkje kunne ta ut ferie i perioden, då han ikkje hadde verken arbeidsplikt eller -rett hos VTK i denne perioden, og krev å få utbetalt for feriedagane, som han meiner er ikkje-avvikla. 

Summen er 275 000 kroner. 

Rafoss meiner også han hadde krav på bilgodtgjersle, mobil- og avisabonnement i oppseiingstida, som var godtgjersler han hadde i arbeidsavtala som konsernsjef. 

Kan vere viktig for andre saker

Påstanden frå Rafoss var at VTK betalar 275 000 kroner til han, pluss sakskostnadar. VTK sin påstand er at dei blir frifunne i saka og at det er Rafoss som må betale sakskostnadane. 

Retten oppmoda partane til å kome til ei minneleg løysing, men det var ikkje aktuelt. 

– Det har vore god dialog mellom partane, men saka er av prinsipiell karakter og kan vere viktig også for andre saker, utdjupa Skarning då saka gjekk på tysdag. 

Rafoss ønsker ikkje å kommentere saka til VTB. Det vil heller ikkje Ketil Kvaale som representerte VTK i tingretten. 

– Ingen jobb å ta ferie frå

I retten spurte Skarning Rafoss om han hadde bindingar eller avgrensingar i kva han kunne gjere i den seks månadar lange oppseiingstida. 

– Nei, svarte Rafoss. 

– Hadde du tilgang på ferie og fritid? Kunne du reist på jordomsegling etter 11. april? 

– Nei, eg kunne ikkje det. Dette har vore veldig belastande for meg. Eg vart hengt ut av media, svarte Rafoss. 

– Men du hadde full disposisjon over eigen fritid?

– Det var ingen i VTK-styret som sa noko om det.

– Så du kunne reist på ferie frå 11. april?

– Ja, om eg hadde vore mentalt skikka til det så, svarte Rafoss.

Advokatfullmektig Maria Wahl representerte saksøkar Rafoss i retten. Eitt av hovudpoenga var at sidan Rafoss verken hadde rett eller plikt til å arbeide i VTK i oppseiingstida, hadde han ikkje noko arbeid å ta ferie frå. 

Derfor meiner dei at han har krav på tilbakebetaling av lønstrekket som vart gjort for dei 37 feriedagane. Saksøkaren hevda at trekket er i strid med arbeidsmiljølova.

Advokatfullmektig Maria Wahl representerte Svenn-Erik Rafoss i retten.

Løn og godtgjersler

Før Rafoss overtok jobben som konsernsjef hadde Ketil Kvaale denne jobben. Då Rafoss vart sagt opp, gjekk Kvaale tilbake i stillinga før ny konsernsjef vart tilsett. Kvaale var ikkje involvert i verken tilsetting eller avsetting av Rafoss. 

Kvaale forklarte at han i ein overgangsperiode etter at Rafoss vart tilsett og før han sjølv slutta, hadde hatt eit godt arbeidsforhold til etterfølgaren. 

– Eg hadde eit ryddig og jovialt forhold til han, sa Kvaale i retten.

Styrets avgjerd om å seie opp Rafoss kom overraskande på Kvaale, sjølv om han hadde registrert at nokre dyktige medarbeidarar hadde slutta i VTK i løpet av styringstida til Rafoss. 

I retten fekk Kvaale spørsmål om korleis VTK har praktisert ferielova.

– Me har følgt det som er vanleg i offentleg sektor. Når nokon seier opp tek dei ut ferie i oppseiingstida. Dette meiner eg er innafor arbeidsgjevars styringsrett, svarte Kvaale.

Han påpeika at det sjølvsagt kunne vere tilfelle der arbeidsgjevar ønsker å kjøpe feriedagar tilbake, om det er eit stort behov for arbeidskrafta.

– Men då måtte dette vere arbeidsgjevars initiativ. Og dette var jo ikkje aktuelt i Rafoss sitt tilfelle, la han til.

Eitt av poenga til Kvaale, som også kom fram gjennom e-post-korrespondanse mellom han og Rafoss, var at VTK meiner dei har behandla Rafoss på same måte som andre som seier opp stillinga si som tek ut feriedagane i oppseiingstida. 

I tillegg til ei månadsløn på 125 000 kroner, eller 1,5 millionar i året, hadde Rafoss fleire godtgjersler i si arbeidsavtale. 

Dette var mellom anna ei bilgodtgjersle på 8000 kroner i månaden, som kom i tillegg til reise/køyregodtgjersle. Han fekk også dekka breiband, telefon og abonnement av Finansavisen og DN. 

Dette skiljet mellom løn og godtgjersler vart også eit tema i retten. 

Då Rafoss måtte slutte i april starta oppseiingstida som var på totalt seks månadar. I denne perioden mottok han løn. Rafoss meiner han hadde rett på godtgjerslene også i denne perioden, medan VTK meiner ikkje han hadde det. 

I retten fortalde Rafoss at abonnementa på avisene og telefon vart dekka av VTK i denne perioden. Han fekk også behalde PC og telefon. 

– Det er heilt rett. Men det er ikkje ei innrømming av at dette er ein del av løna. Det er ein gest frå VTK, det er små verdiar, ikkje noko å lage noko styr av. Når PC og mobiltelefonar når ein viss alder så er det små verdiar, kommenterte Kvaale i retten.

I tillegg til forklaringane til Kvaale og Rafoss, var styreleiar i VTK, Erik Skjervagen, vitne i saka. 

Det var konstituert tingrettsdommar Wenche Merethe Kåsa som leia rettssaka. Etter planen skal dommen vere klar i løpet av dei neste to vekene. 

Wenche Merethe Kåsa er konstituert dommar i Øvre Telemark tingrett.
Powered by Labrador CMS