To fuglar sit på kvistar i ei røys av greiner.

Sjå video av havørna og dei innpåslitne skjorene

Det er mykje rovfugl å sjå hos Gunnar Naper i Vråliosen.

Publisert

Naper har sett spurvehauk som tek småfugl rett framom nasen på han. Det er hønsehauk, musevåk og ugle – og ørn. Det er kongeørn i området, men havørna er sjeldan å sjå. Ho var på Vassendstøylen i fjor, og er tilbake nå.

18. mai dukka havørna opp på kameraet til Gunnar Naper i Vråliosen. Delvis nedgrave ligg eit elgkadavar og på videoen ser ein havørna og to litt innpåslitne skjorer.

Havørna er Noregs største rovfugl. Ho er lett å kjenne att på dei breie vingene, skriv SNL. Vingespennet kan vere på opptil 2,65 meter.

Havørna som blei totalfreda i 1968, hekkar langs kysten frå Finnmark til Oslofjorden, med enkelte par også i innlandet, opplyser Fugler i Norge – eit digitalt oppslagsverk om fugleartar her i landet.

Powered by Labrador CMS