Siger til tre av laga frå Vest-Telemark i dag. Nye kampar i ettermiddag
Fire lag frå Vest-Telemark er på Norway Cup, der dei nå er i gang med sluttspela.
J13/14 laget frå Åmdal Tokke gjekk vidare til A-sluttspelet, og vann 16.-delsfinalen onsdag. I ettermiddag spelar dei 8-delsfinale mot Sund.
Gutelaget frå Åmdal Tokke (G13/14) gjekk også vidare til A-sluttspel. Dei vann 16-delsfinalen og spelar kamp mot Ål seinare i ettermiddag.
J16 laget frå Treungen gjekk vidare til B-sluttspel og vann i dag 16 delsfinalen. I kveld ventar ny kamp mot Ranheim.
For J 13-laget frå Åmdal-Tokke vart det tap i dag. Dermed er Norway-cupeventyret over for dette jentelaget frå Tokke.