Stor folkemengd framfor lyssett scene ved fjell i skumringa.
Skilt med teksten «UTSOLGT! for dagsbillettar» står ved ein vegkant.

42 000 besøkande. – Tidenes Countryfestival

På laurdag blei utseld-skiltet sett opp utanfor festivalområdet i Seljord. 

Publisert Sist oppdatert

I tillegg var det fullt på festivalcampen, opplyser festivalleiar Yvonne Eilefstjønn etter å ha sett dei siste gjestene forlate Dyrskuplassen. Ho kallar det tidenes Countryfestival med 42 000 besøkande. Rekorden frå i fjor var på 35 000. 

– Det er den ekte opplevinga folk kjem for. Ekte musikk, ekte møte og eit inkluderande festivalmiljø der menneske med ein felles lidenskap er samla. Årets rekord viser at dette betyr meir enn nokon gong, melder festivalleiinga i ei pressemelding. 

Årets program baud på eit breitt spekter av artistar – frå internasjonale countrystjerner til nokre av Noregs mest folkekjære namn. Publikum fekk oppleve store konsertar med mellom andre Hellbillies, Vassendgutane, Caylee Hammack, Tobias Sten, Gunslingers, Erlend Gunstveit, Steffen Jakobsen, Arthur Stulien, Byting, Aasmund Åmli Band, E76 og Staut.

Trailercampen samla lastebilar frå store delar av landet. I samarbeid med Norges Lastebileier-Forbund blei det arrangert prisutdeling for dei flottaste bilane og ein fagleg debatt om utviklinga i transportnæringa.


Powered by Labrador CMS