Gjermund fekk kveite på 120 kilo
Kvar sommar nyttar Gjermund Rygh i Treungen ferien sin i Finnmark, mellom anna for å fiske. Nyleg fekk han ei oppleving som garantert vil bli hugsa resten av livet.
Saman med andre familiemedlemer er Gjermund Rygh på ferie i Finnmark også denne sommaren. På fisketuren i båt i Bekkarfjord her om kvelden var håpet å få kveite, matfisk på opptil 30 kilo. Den største kveita han har fått tidlegare var på 63 kilo og hamna i fryseboksen.
Ved kveitefiske blir det bruka skikkeleg god stong. Det skulle vise seg å vere viktig.
– Det nappa to gonger. Ein må vere sikker på og føle at kroken er i kjeften før det blir rykt til. Plutseleg var det bom stopp. For å få kveita inn til land blei det streva i 2,5 timar. Det kjente eg godt i armane, seier Rygh.
Er så sjukt …
Inne ved land viste måleband at kveita var på 207 centimeter, og då blei vekta anslått til å vere 120 kilo.
– Det er så sjukt at det nesten ikkje er til å tru – ei kjempeoppleving. Du veit aldri kva du får på kroken, det er mykje kveite i området, seier Rygh, og legg til at det i sjøen ikkje langt unna Bekkarfjord er sett noregsrekord, kveite på godt over 200 kilo.
Rygh nemner at når ei kveite er over 100 kilo, skal den bli sleppt ut att i sjøen. Han meiner dette er viktig, fordi fisken har vanvittig mykje rogn i seg.
Når VTB ringer Rygh tysdag føremiddag for å høyre den utrulege fiskehistoria, er han på veg til sjøs for å fiske torsk, men også kveite.
– Eg håper å få ei mindre kveite denne gongen, så den kan bli bruka til mat, avsluttar Rygh.