Ada og Hugo laga «Køntry kafé» for svoltne cowboyar
Søskena Ada og Hugo laga pop-up kafé med kanelbollar og vaflar. Det er viktig å lære ungane gründerskap i ung alder, meiner mor.
– Me tenkte at me kunne tene litt pengar fordi alle cowboyane ville ha mat, seier Hugo til VTB.
Kaféen var på Hovstø, som mor og far eig og driv. Ideen var litt mamma og pappa sin, fortel dei.
– Dei sa det var country og at me kunne selje, seier Hugo.
Seint oppe for å bake
Likevel var Ada og Hugo oppe fram til klokka tolv dagen før dei skulle ha oppe pop-up bakeriet for å bake bollar.
– Me baka 200 bollar, seier Ada.
Kaféen hadde oppe frå klokka 11 til 14. Etter det tok søskena med seg resten av bollane i ei tralle og trilla bollane på campane. Då fekk dei seld meir enn på Hovstø.
– Me har selt for ganske mykje nå, seier Hugo etter dei tok med seg vogna si ned.
Det har vore moro å selje bollar og vaflar til country-gjestene, fortel dei.
– Viktig å lære ungane gründerskap
Mor til Ada og Hugo og eigar av Hovstø camping, Anne-Hege Svartdal, meiner det er ein fin ting å gjere for ungar som vil tene litt ekstra pengar.
– Det er viktig å lære ungane gründerskap, seier ho.
Ho fortel at dei nå har selt vaflar og kanelbollar for 4600 kroner.
I tillegg synest Svartdal at dette er ein fin ting å tilby gjestene på campinga. Svartdal trivst i rolla si som vert på Hovstø.