Sommarleik til barn er best ute
Kva er morosamt for barna i sommar? Det kan vere so mangt - og koste lite! Bade i elva i Flatdal, som Kaare Magnus (Solheim Straand) diggar. Og sove i eit lite telt med bror sin. Gå upp mot Skorve med gomo og bestefar og sjå flyvraket og minnesmerket der. Stå på henda på grasbakke over alt! Leike rundt ein fin steinhest, her i Nutheim Totemen (av kunstnaren Ph. Dommen) når Saave (Solheim Straand) og Marie (Haugum Nordskog) treffast. Plukke blåber i skogen i Bamble. Nam-nam, dei vil me ha til frukost!