Fotballspelarar i rosa drakter posar på ein grasbane med trenaren ved sida.
Det ble eit surt eittmålstap på Åmdal/Tokke-jentene i deira første Norway Cup.

Åmdal/Tokke har knekt fråfallskoden: – Alle får spele mykje

Det er ikkje alltid ballen trillar Åmdal/Tokke sin veg. Likevel har mange lag og klubbar mykje å lære av det vesle idrettslaget, som ikkje opplever det same fråfallet som pregar fotballen og idretten elles.

Publisert

– Eg veit ikkje om me er unike. Men me føler at me har knekt ein kode for å halde på spelarane lengst mogleg. Det er svært få i klubben vår som sluttar i ung alder. Dei aller fleste held fram til dei er ferdige på ungdomsskulen, og mange held òg fram når dei byrjar på vidaregåande. Eg trur det kjem av at alle får spele mykje, og at me investerer i eit godt miljø, seier Ånund Høgset.

Han er trenar for Åmdal/Tokke sitt J13-lag, som sundag debuterte i Norway Cup. Det enda med eit surt 1–2-tap for dei unge jentene i den aller første kampen deira i verdas største fotballturnering. Høgset og dei mange vesttelane på sidelinja kunne slå fast at laget ikkje hadde marginane på si side.

Dei var fleire som både kunne og burde ha skåra då det yngste Åmdal/Tokke-laget i Norway Cup kjempa om poeng på Ekebergsletta. Jentene hadde fortent poeng, sjølv om fleire var prega av alvoret og ikkje fekk vist seg frå si beste side. Det var tydeleg at debutnervane gav høge skuldrer.

Interessa rundt både J13- og J14-laget er stor lokalt. Ho vart ikkje mindre då det vart klart at laga skulle til Norway Cup denne sommaren.

Gigantturneringa har vore eit samtaleemne lenge. Laurdag kom dagen som så mange hadde venta på. Då sette jentene, trenarane, støtteapparatet og dei mange supportarane kursen mot hovudstaden. Nokre timar seinare sjekka dei inn på hotell. At dei får bu så godt under opphaldet i storbyen, set ein ekstra spiss på turen.

– Me gler oss til dei neste dagane. Både til butikkane opnar og til fleire kampar. Shopping høyrer med når me er i storbyen, seier jentene.

To ungdommar i fotballdrakter står på ein grasbane.
Kaptein og keeper Andrea Isabell Rosa (til høgre) og Malin Hegglid Gjerlid ser frem til spennande veke i hovudstaden.
To personar i raude treningstrøyer står på ei grasbane.
Lagleiar Lene Christin Larsen og trenar Ånund Høgset var godt fornøgde med jentenes prestasjonar i Norway Cup.
Powered by Labrador CMS