Audun Østerhus har heilt klart ei tatovering tatt under Countryfestivalen i Seljord.

Audun har vore på Countryfestivalen kvart år: – Kjem så lenge eg kan gå

Audun Østerhus (62) har vore på plass på Countryfestivalen i Seljord kvart år sidan det starta i 1998. Då var det med kompisar, nå er det med den faste gjengen.

Publisert
Audun Østerhus og Ivar Velle møttest på festivalen for 15 år sidan.

Sidan 1998 har Audun Østerhus frå Tau i Rogaland vore på kvar einaste Countryfestival i Seljord.

– Utanom det året det var stengd på grunn av covid, seier Østerås til VTB.

I år er den 27. gongen han er på Countryfestivalen. 

– Utvikla seg vanvitig

Første gongen var festivalen litt annleis enn han er nå. Han var 34 år og hadde med seg kompisar som tenkte dei ville teste ut festivalen. 

– Då hadde me Amcar, så me stod på Amcar-campen og me telta ved sida av bilen. Det var heilt topp, seier Østerhus. 

Mann sit ved ein bil og held ei ølboks.
Det måtte jo bli ei tatovering på festivalen i løpet av dei 28 åra.

Han fortel at alt blei utseld då, både pølser og brus. Telta var meir spreidd over plassen. 

– Det var heilt eineståande, seier han. 

Nå er det veldig annleis enn det var då. Alt er mykje større og trongare nå, meiner Østerås. Samtidig kosar dei seg veldig på festivalen.

Møtestad

Nå er det 10. året Østerhus og gjengen har plassar rett ved hovudinngangen på plassen. Gjengen han er med, har han møtt på festivalen opp igjennom. 

– Kvar dag har me frukost og middag her inne, seier Ann-Kristin Kvaløsund frå Køsby.

Ann-Kristin Kvaløsund fortel at dei kosar seg veldig med måltida i teltet.

I teltet er det plass til alle i rekka og alle i gjengen. Kvaløsund forklarar at dei rullerer på kven som lagar middagen og frukosten.

Vennegjengen har vore på festivalen saman lenge. Sidan dei er frå plassar spreidd rundt i heile landet blir festivalen den plassen dei kan møtest alle saman i løpet av året, forklarar Østerhus.

 – Tradisjon er tradisjon

Det har vore moro å vere på festivalen kvar dag dei har vore der. Østerhus meiner det er viktig å hugse på at livet er ein fest. Derfor er det viktig å gjere ting ein likar og vere med folk ein likar. Det får gjengen gjort på festivalen.

Audun Østerhus har kvar einaste sheriffstjerne frå festivalen. Dei er plassert trygt heime på eit slips. 

Sheriffstjernane på cowboy-hatten til Ivar Velle. Han har første stjerna si frå 2012.

– Dei begynner jo å bli verdifulle, seier han og ler. 

Stjerna skal han ha kvart år han er på festivalen, derfor blir det nok mange fleire av dei. Østerhus har nemleg planar om å kome på festivalen så lenge han kan. 

– Eg kjem så lenge eg kan gå, og så lange hjula ruller, seier han. 

– Tradisjon er tradisjon, avsluttar han.

Campingvogner og bubilar på campingplass med stolar, bord og gul våtgolv-skilting.
Audun Østerhus er litt eldre enn han var då han kom på Countryfestivalen for første gong.






Powered by Labrador CMS