Sommargjesten

Knut Kerssemakers

Knut meiner kommunen må tenke gjennom korleis dei bruker pengar

Publisert Sist oppdatert

Namn: Knut Kristian Kerssemakers

Alder: 34

Bur: Austbø

Gjer: Arbeider i Statkraft

Kva planar har du for sommaren?

– Vere her heime. Her har me diverse prosjekt, til dømes å bygge garasje. Og så må eg på fjellet ein tur og fiske.

Har du eit sommarminne du vil dele?

– Varme somrar som nå og den i fjor, der me badar heile gjengen kvar dag på vår eiga strand her nede. Der er det berre me som badar, for den er hemmeleg.

Kven gjorde sist noko du sette pris på?

– Det skjer heile tida, det.

Kva brenn du for i lokalmiljøet?

– Eg er veldig fornøgd med barnehagen i Rauland, der er alt veldig bra. Elles meiner eg det er viktig når kommunen skal spare pengar, at dei også tenker gjennom korleis dei bruker pengar på andre ting, til dømes på gangveg i Bøgrend. Det er lurt å halde seg til dei lovpålagde oppgåvene.

Kvar i Vest-Telemark vil du helst vere ein fin sommardag?

– Då vil eg vere på fjellet – nærare bestemt Raulandsfjell.

Kva vil du vise til nokon som er i Vest-Telemark for fyrste gong?

– Då ville eg teke dei med til Skarsnut, eller ned på stranda vår for å bade.

Har du eit spesielt ord eller uttrykk frå Vest-Telemark som du vil trekke fram?

– Det er jo litt moro med «høtt» og «høssen».

Er det nokon du vil sende ei sommarhelsing til?

– Det må bli til sambuaren min, Kari.

Powered by Labrador CMS