«Eidsborg Rock» – brynestein, glødande mineral og vikingane i den store verda
Har du nokon gong prøvd å skjere noko med ein sløv kniv? Det finst lite som er meir frustrerande. Uansett om du skal kløyve ved eller skrelle poteter, gjeld den same regelen – du må halde reiskapen skarp.
Slik er det i dag, og slik var det òg i vikingtida. Alt på 700-talet blei brynestein av skifer frå Eidsborg frakta langs lokale vassdrag til kysten og eksportert til utanlandske marknader, fyrst til Danmark og seinare til England, Polen, Sverige, Frankrike og Belgia.
Arkeologiske funn tyder på at brynesteinane følgde dei norrøne busetjarane både austover og vestover. Truleg kom dei heilt til Newfoundland i Canada, der det er funne spor etter norrøn busetnad frå 1000-talet i L'Anse aux Meadows. Kvar enn vikingane drog, følgde steinen med.
Brynestein var ein viktig del av økonomien i Vest-Telemark. Den omfattande produksjonen av brynestein frå Eidsborg er ei av dei mest langvarige næringane i norsk historie.
Fekk støtte
I 2023 løyvde Noregs forskingsråd midlar til forskingsprosjektet «Eidsborg Rock – produksjon og handel med brynestein i vikingtida». Prosjektet er eit samarbeid mellom Kulturhistorisk museum og Vest-Telemark Museum, og resultata skal samlast i ei doktorgradsavhandling. «Eidsborg Rock» har ei tverrfagleg tilnærming som mellom anna omfattar arkeologisk materiale, dateringar av bergoverflater og analysar av sediment frå Eidsborgtjønn.
Den viktigaste metoden for å datere arkeologiske samanhengar er C14-metoden, men han er avhengig av organisk materiale. Dette er sjeldan bevart i steinbrot. Ved hjelp av ein ny metode – optisk stimulert luminescens (OSL) – vil prosjektet difor utforske moglegheita for aldersbestemming med utgangspunkt i bergartar.
OSL blir nytta for fyrste gong til å datere forhistoriske steinbrot i Noreg. Når mineral blir utsette for sollys, blir energien som er lagra i krystallane frigjord. Når bergartane ikkje lenger blir utsette for sollys, det vil seie blir dekte av jord, tek krystallane opp att elektron frå strålinga.
I laboratoriet kan denne energien frigjerast ved hjelp av lys eller varme. Då byrjar minerala å gløde og sende ut målbare signal. På denne måten kan forskarane datere når steinen sist var utsett for sollys.
OSL-dateringa blir gjennomført i samarbeid med forskarar frå Laboratoriet for luminescensfysikk og -teknologi ved Institutt for fysikk, Danmarks Tekniske Universitet i Risø.
Rettar merksemda mot Vest-Telemark
Prosjektet skal òg analysere pollendata samla inn frå sediment i Eidsborgtjønn. Metoden byggjer på pollenkorn frå ulike plantar og tre, som blir spreidde i lufta og avsette i myrer og innsjøar over lang tid.
Undersøkinga vil bidra til å gje betre forståing av vegetasjonshistoria rundt steinbrota. Metoden er òg nyttig for å rekonstruere klimaforhold gjennom tidene og dokumentere menneskeleg aktivitet som jordbruk og busetnad i jernalderen og vikingtida.
Arkeologiske funn viser at brynestein frå Eidsborg hadde stor økonomisk verdi utanfor Noregs grenser. I «Eidsborg Rock» vil me rette merksemda mot Vest-Telemark og utforske den sosiale og økonomiske tydinga brynesteinsproduksjonen hadde i vikingtida.
Det finst framleis mange historier gøymde i steinane og landskapet som ventar på å bli fortalde.
Judyta Zawalska
Arkeolog og doktorgradsstipendiat i forskingsprosjektet «Eidsborg Rock – produksjon og handel med brynestein i vikingtida» ved Kulturhistorisk museum, Universitetet i Oslo.