Seniortransport krasja i tre i Bø: Politiet vart ikkje varsla

(NTB-NPK) Ein kommunal seniortransport køyrde inn i ein privat hage og kolliderte med eit tre i Bø i Telemark. Dei eldre vart sitjande i minibussen i ein halvtime, utan at naudetatane vart varsla.

Publisert Sist oppdatert

Ifølgje operasjonsleiar Lise Bjørnsund i Sør-aust politidistrikt skal kollisjonen ha skjedd i 15-tida onsdag, men politiet vart ikkje varsla før klokka 20.

Dei fire passasjerane i minibussen skal vere brukarar av heimetenesta i Bø kommune. Alle kom heldigvis uskadd frå hendinga, sjølv om køyretøyet skal ha fått store skadar i fronten, ifølgje Telemarksavisa.

Dei eldre vart sitjande i transporten i over ein halvtime, før privatpersonar i nærleiken hjelpte dei ut og køyrde dei heim, heiter det i politiloggen seint onsdag kveld.

Passasjerane vart tekne hand om av heimesjukepleia i ettertid, opplyser operasjonsleiaren.

Politiet skriv at dei har oppretta sak, og at dei skal undersøkje forholda vidare.

(©NPK)

Powered by Labrador CMS