Samlar voks til varmelamper for ukrainske soldatar
For tredje året på rad tar Yana Rura initiativ til innsamling av voks som skal sendast til Ukraina. Voksen blir bruka til å lage varmelamper for ukrainske soldatar, og ho er tydeleg på kor viktig bidraga er, og kor takksam ho er for alle som er med og hjelper.
– Etter at det vart skrive om aksjonen i fjor, var det fleire som fekk med seg innsamlinga, og det kom inn heile 260 kilo med voks, seier Yana.
Året før, då færre visste om tiltaket, var mengda 70 kilo. Yana seier ho set stor pris på at fleire og fleire får kjennskap til aksjonen.
Ho forklarar at behovet for varmelampene er stort, særleg i vinterkulda. Lampene som blir laga av stearin og voks, gir varme og kan nyttast både til matlaging, oppvarming, og personleg hygiene. Samstundes er dei røykfrie, noko som gjer at soldatane ikkje blir avslørte i skyttargravene. I tillegg er lampene lette å ta med seg.
Voksen som blir samla inn, blir sendt både til ei organisert gruppe i Ukraina som lagar slike lamper, og direkte til privatpersonar som arbeider med dette frivillig.
Svært takksam
For Yana betyr det mykje å kunne hjelpe heimlandet på denne måten. Ho trekker også fram støtta ho har fått lokalt.
– Det er fleire som gjer dette mogleg, seier ho, og rettar ein ekstra takk til Ronde Ingeberg Schade (avdelingsleiar for integrering og vaksenopplæring i Seljord kommune, red.mrk.) for all innsats han legg ned.
Sjølv om den offisielle innsamlinga i år ikkje hadde starta, hadde folk alt tatt kontakt for å levere lys. Rundt ti kilo voks, kanskje litt meir, vart samla inn og sendt til Ukraina før oppstarten av innsamlinga offisielt var i gang.
Innsamlinga går frå 2. januar til 20. februar. Yana seier ho set stor pris på engasjementet som alt er vist.
– Det er veldig bra, og eg vil takke alle som hjelper, seier ho.
I fjor baud frakta på utfordringar. Dei som frakta voks gratis, på frivillig basis, kunne berre ta med mindre mengder om gongen. Derfor måtte noko av voksen sendast seinare enn planlagt, samstundes som etterspurnaden i Ukraina var stor. Yana tok då kontakt med engasjerte menneske for å få hjelp til å dekke fraktkostnadene. Tom Junior Magnushommen gav eit velgjerande bidrag, og ukrainaren Zoja Butova, som også bur i Seljord, organiserte ei innsamling blant ukrainarar. Bidraga gjorde det mogleg å sende 12 esker med voks.
Det er ho svært takksam for, og understrekar at det er avgjerande å få levert voksen i tide.
– Behovet er stort, seier ho.
Alt hjelper
Yana kjenner ikkje til andre stader i landet som har ei liknande innsamling til dette formålet, og seier aksjonen derfor kan bety mykje for soldatane som får nytte av han.
I Seljord kan ein levere alle typar voks på Seljord flyktningteneste i Næringshagen og på Granvin kulturhus.
Ho håpar på ny rekord i år, men seier at fjorårets innsamling var svært god.
– Og alt hjelper uansett, understrekar ho.