Oscar har vore ei sentral drivkraft for diakonien. Sundag blei han heidra
Prisen heidrar langvarig og tydeleg innsats for diakoni i regionen, og i år peikar Diakonatet på ein person som har sett djupe spor i både fagleg utvikling og lokalt arbeid for å sikre ei god diakonteneste i Vest-Telemark.
Gjennom eit langt og målretta engasjement har Oscar J. Garnes (78) vore ein sentral drivkraft for diakonien i Vest‑Telemark. Som styreleiar i Diakonatet i Vest‑Telemark i tretti år arbeidde han for å etablere og styrkje prostidiakonstillingar, fremje fagleg utvikling og synleggjere modellen for diakoni i grisgrendte strok. Rapporten «Prøveprosjektet for diakoni i Vest‑Telemark», som Garnes utarbeidde, var eitt viktig grunnlagsdokument for få til landets første prostidiakonstilling i 1985.
Diakoniprisen for Vest‑Telemark blei delt ut under Diakonisamlinga i Kviteseid søndag 12. april, opplyser prostidiakon Eilev Erikstein i ei pressemelding.
Diakoniprisen har sidan 1994 løfta fram eit mangfald av aktørar og tiltak som viser diakoniens mange sider – frå nattkaféar og ungdomsarbeid til hjelpearbeid og fengselsteneste. Prisen skal minne om både den stille trøysta og den aktive kampen for rettferd som ligg i diakonal arbeid.
– Utdelinga under Diakonisamlinga blei eit godt høve for å feire Garnes sin innsats innan diakoni, og peikar på at også leiing og utviklingsarbeid, er ein viktig del av det diakonale arbeidet, seier Erikstein.
Prisen vart delt ut av noverande styreleiar i diakonatet, prost Asgeir Sele, og vart følgd av lang applaus.