Marianne og Åsulv kjøpte gard. – Dette blir moro
Det seier Marianne Støfringshaug Lien og Åsulv Lien som har kjøpt det 4 500 dekar store gardsbruket Juve på Møsstrond. Til vinteren flyttar dei dit.
Det er eit nøgd par som no har kjøpt eigedomen. Dei bur i Jondalen, noko dei har gjort i 25 år. Men båe to har sterke band til Møsstrond. Marianne var seks år fyrste gongen ho var på Argehovd, medan Åsulv er oppvaksen i bygda. Dei fyrste leveåra sine hadde han på Mogen turisthytte, som foreldra Ginni og Tore Lien dreiv. Då han var ni år gamal flytta familien til Li, der han hadde resten av oppveksten sin.
Same helga som Åsulv kjøpte Juve, flytta foreldra frå Li til Rauland for godt.
– Det var sårt, men samstundes er det fint at dei no har ein stad på Møsstrond å
koma tilbake til, seier Marianne og Åsulv.
Fornøgd seljar
Eigedomsmeklar Magnus Torsøe hjå firmaet Landkreditt fortel at Juve har lege til sals i fjorten dagar. Prisantydninga var på 5,3 millionar kroner.
– Det har vore stor interesse for eigedomen, det er eit populært område for dei rette, seier meklaren.
Han fortel at det til slutt blei to bodgjevarar, og at salssummen blei på 5,6 millionar kroner.
– Me trefte på dei me trong, og seljaren var svært nøgd, seier han.
Åsulv fortel at han og seljaren Synnøve Hovden Augustsen er tremenningar, og at ho sette pris på at eigedomen blir i familien.
– Det er viktig for oss å lære meir om historia til garden, seier kjøparane, som understrekar kor viktig det er at staden ikkje blir ein leikeplass for rikingar.
Flyttar på vinterføre
Paret fortel at planen er å flytte til Juve til vinteren.
– Å flytta dit er mykje lettare på skuterføre. Husa er godt vedlikehaldne, med nyoppussa kjøken og bad, så det er berre å flytta beint inn, fortel dei.
Når dei har flytta til Juve, kjem Åsulv til å halde fram med pendlartilværet. I 26 år har han vore i Nordsjøen. No arbeider han for Odfjell drilling, på flyteriggen Deapsea Nordkapp som for tida ligg utanfor Haugesund.
Møttest på Mogen
Sjølv om det har blitt mange år i Jondalen, er banda til Møsstond sterke.
– Fyrste gong me møttest var på kjøkenet på Mogen. Kjærastar blei me etter eit skuterløp på Vårlid i 1999, fortel dei.
Døtrene deira er ute av reiret, men Marianne understrekar at etterkomarane, inkludert svigersøner og barneborn, også er veldig glade i Møsstrond.
– Dei har vore der veldig mykje, så me håpar å få dei inn att, smiler ho.
For tak over hovudet skal det ikkje stå på. Frå før har familien hytte på Argehovd, i tillegg står det også ei hytte på Juve.