Gardsbruk på Møsstrond på handel
Den 4 500 dekar store eigedomen Juve ligg til sals for 5,3 millionar kroner.
No er det vel ikkje berre bygningsmassen som dreg opp prisen, for det 72 kvadratmeter store våningshuset frå 1909 med berre to soverom, som rett nok blei oppgradert frå 2011 og framover, den 123 kvadratmeter store driftsbygningen frå 1937, ei 55 kvadratmeter stor hytte frå 1974, ei fiskebu på 17 kvadratmeter og to bjørkebuer på 8 kvadratmeter kvar, er neppe det som forklarar millionprisen. Særleg verdifullt er vel heller ikkje det 11 store dekar dyrka arealet, men det er derimot det 4 500 dekar store fjell- og utmarksområdet med jakt- og fiskerettar.
Privat fristad med buplikt
– Eigedomen vil passe spesielt godt for kjøparar som ynskjer ein privat fristad for jakt, fiske, friluftsliv og naturopplevingar, skriv eigedomsmeklar Magnus Torsøe hjå firmaet Landkreditt i salsannonsen.
Fullt så enkelt er det truleg ikkje, for av den siste av nøkkelfaktaopplysningane går det fram at eigedomen er konsesjonspliktig, og at ein må rekne med buplikt. Buplikt tyder at kjøparen må busetje seg på eigedomen og bu der sjølv i minst fem år.
Av inntekter på eigedomen nemner meklaren årleg fellingsrett på eitt til to reinsdyr, samt småviltjakt og fiskerett i Møsvatn og Kyrbekktjønni. Øst-Telemarkens brukseierforening betalar òg ei årleg erstatning på vel 30 000 kroner i året for for ulemper som følgje av reguleringa av Møsvatn. Dagens eigar, Synnøve Hovden Augustsen, har ått eigedomen sidan 2006.
Andre nyleg omsette gardar
Dei siste åra har fleire gardsbruk på Møsstrond skifta eigar. Tidlegare i september kjøpte Sissel Merete Kleivan og Arne Eriksen den 15 200 dekar store eigedomen Varmevoll for 6 millionar kroner av Herdis Lien. I juli 2024 kjøpte Mai Kersten Gunnarsli og Knut Gunnarsli gardsbruka Vestre Førnes og Galar for 8 350 000 kroner av Liv Åkre. Storleiken på Førnes-eigedomen blir av lytics.no oppgjeven til å vera 15 700 dekar. Året før, i februar 2023, kjøpte Linda Svendsen Myhra og Finn Halvard Myhra den 1 850 dekar store eigedomen Austlid av Hillborg Romtveit og Trygve K. Vågen for 6 350 000 kroner.
Kjelde: Lytics.no