Heime på Li: Ginni og Tore Lien har teke seg ein pause i solveggen denne varme seinsommardagen.

– Det blir ikkje moro å reise herfrå

Nærare jol legg isen seg på Møsvatn. For fyrste gong sidan Ginni og Tore Lien flytta til Li i 1985 kjem garden til å stå tom frå islegginga startar. Men når isen er trygg – ja, då er dei tilbake.

Publisert Sist oppdatert

I tre generasjonar har familien til Tore Lien vore forpaktarar på Li. Som nettsida industriarven.no også opplyser, vart mange av gardane på Møsstrond kjøpt opp av rikfolk som var mest opptekne av å drive jakt og fiske. Ved årtusenskiftet var 67 prosent av eigedomane ved Møsvatn ått av folk som ikkje var busette der. Slik er det framleis. I åra 1884 til 1914 kjøpte Anton, Otto og Julius Fougner opp både Vollane, Juvik, Li og Liset med store fjellområde. Ein etterkomar, Mariken Kramer, dotter av Unni Poulsson, eig Li nå, og brukar våningshuset som fritidsbustad.

Leigekontrakten er i ferd med å gå ut.

– Eg er spent på den nye kontrakten, seier Ginni, som tek vel vare på eigarane. Vinterstid er det ferdige skuterspor heilt fram til hytta deira, og Ginni og Tore har fyra opp så fritidsbustaden er varm og god når feriegjestene kjem fram.

På tunet: Nedom ligg Vinjefjorden nesten spegelblank.

Forfedrane rydda garden

I fleire generasjonar har Lien-familien budd på Li. Tore fortel at det var forfedrane hans som braut opp plassen. Faren, Eivind Lien, voks opp der, og fortalde mykje om korleis livet tidlegare arta seg i fjellbygda. Dei dårlege tidene på 1930-talet merka dei lite til. Fisk i vatnet og reinsdyr i fjellet gjorde mattilgangen god.

– No må de ikkje skjote meir enn de et, var formaninga som gutungane fekk med seg då dei reiste til fjells med børsa på ryggen.

Den gongen blei det også dyrka korn fleire stadar i bygda. Så høgt til fjells er sommaren stutt, men dei som budde der visste råd for å berge grøda.

– Viss det var fare for frost, fyra dei med brisk, slik at røyken la seg som eit vernande teppe over åkeren, fortel Tore.

Ripsplukking: Etter ein lang og varm sommar er ripsen på Li takande denne siste augustdagen.

Gret då ho måtte flytte til den veglause bygda

Gerd Ingrid, eller Ginni som ho blir kalla, kjem frå Hornnes, som ligg lengst sør i Setesdalen. Ho og Tore, som den gongen arbeidde i Vassdragsvesenet, budde i Arabygdi då det blei klart at familien skulle flytte til Mogen på Møsstrond og overta drifta der etter foreldra hans, Kristi og Eivind Lien. Det var i 1974.

– Me hadde ein liten unge, Kristin, som berre var nokre månadar gamal. Eg gret då eg måtte fara opp dit. Å flytte til ein veglaus stad med utedo – foreldra mine trudde aldri dei fekk sjå meg att. Eg forlanga at om eg skulle flytte, måtte det vera innedo og dusj, ler Ginni, som fekk krava sine innfridde og snart fann seg godt til rette.

Så godt at når dei no skal pusse opp og flytte mellombels til huset dei har på Rauland så kjem eit hjartesukk:

– Men det er ikkje moro å reise herfrå.

Og forresten, legg Ginni til:

– Foreldra mine elska å vera her.

– Ja, var det nokon som lika å vera her på Møsstrond, så var det dei, legg Tore til.

For einsamt, det er det slett ikkje hjå paret, som etter kvart fekk to barn til; Åsulv og Håvard. Nei, når isen reiser, kjem det folk med ein gong.

– Om sommaren er det så mykje folk her at me knapt rekk å besøkje naboen, smiler Tore.

Den stille tida på Møsstrond er vekene då isen legg seg. Då gjeld det å ha proviantert godt. Under førefallet på våren, som ikkje varer lenger enn eit par veker, er dei også isolerte. Slik har dei levd dei 35 åra dei har budd på Li.

Li: Den grå bygningen er våningshuset, som ifylgje oppslagsverket Norske gardsbruk er frå 1850. Denne brukar eigarane som hytte. Ginni og Tore Lien bur i forpaktarbustaden, den gule bygningen.

Drift av Mogen turisthytte

Lien-familien har ei lang historie med drift av Mogen turisthytte. I 1973 tok Ginni og Tore over drifta etter foreldra, og dreiv der til og med 1985. Seinare har Tore hatt ymse transportoppdrag både vinter og sommar, i tillegg til vaktmeisteroppgåver og tilsyn med hytta. Han har også arbeidet med å stikke skiløyper over til Stordalsbu, i tillegg til at han stikkar skuterløyper på isen.

Medan Ginni og Tore dreiv turisthytta på Mogen var det Ginni som kokkelerte. Elles har ho også arbeidd på Mogen seinare, under ulike drivarar.

– Eg har hatt ein del baking, og så er det eg som laga røyekakene. Men eg har aldri vore den ansvarlege på kjøkenet, understrekar ho beskjedent.

I mange år, frå 1987 til nedlegginga i 2001, hadde ho også ei femti prosent stilling som husmor ved internatet på skulen på Hovden.

No er dei båe pensjonistar, men har framleis oppgåver for turistforeininga i Telemark, som eig og driv Mogen turisthytte. Det er den aller siste dagen i august at Vest-Telemark blad har gått seg ein tur til Li. Det er varmt, meir enn tjue grader og steikande sol då me kjem inn i tunet. Nedom huset står dei båe og plukkar rips. I solveggen har dei fin utsikt over den speglblanke Vinjefjorden. Så idyllisk er det ikkje alltid ved inste delen av Møsvatn. I islegginga kan utfordringane vera store. Den gongen ungane gjekk på Møsstrond skule, var det ikkje alltid enkelt å koma seg heim att til jol.

– Det hende nokre gonger at dei kom heim att med helikopter, ja. Elles har det hendt at isen var så usikker at me måtte køyre fjellet då me skulle på jolehandel. Den skuterturen tek gjerne tre til fire timar, forklarar han.

Utsikt: Frå Li har dei fin utsikt til fjellet Vinjekyrkja.

Kommunikasjonsmessige utfordringar

Plunder med framkomsten har det også vore i sommar. Vatnet er så lågt at dei ikkje kjem lenger inn enn til Liset med båtane. I slutten av september er vatnet på 913,40 moh. Det er lågare enn minstevasstanden på 914 meter.

Totalt er Møsvatn regulert opp 18,5 meter i tre omgangar frå 1904 til 1942. Nettsida industriarven.no, som er driven av Verdensarvsenteret for Rjukan og Notodden, omtalar Møsvatn som føresentnaden for industrieventyret.

– Møsvatn er i dag såkalla buffersone med oppsluttande verdi, og grensar til verdsarvområdet Rjukan–Notodden, skriv dei.

– Nei, det hadde ikkje vore noko verken Rjukan eller Notodden om det ikkje var for Møsstrond, seier Tore tenksamt.

Å drive jordbruk på Møsstrond er ikkje av det enklaste slaget. På Li hadde dei sau fram til 2017. Tilskot for å halde jorda i hevd og drifta i gang, er det dårleg med.

– Me hadde håpa at det kunne ha kome litt midlar i samband med verdsarven, men me har sett lite til slike tiltak, seier ein skuffa Tore.

– Korleis ser de på framtida til bygda?

– Det blir spennande. Verkeleg spennande. Det spørst korleis tidene blir. Om noko må tilbake til det gamle levesettet, så kanskje, svarar han.

Akkurat nå gler dei seg til å flytte inn i det nyoppussa huset sitt på Rauland seinare i haust. Noko anna som dreg er dei to små barneborna dei har der. Men banda til Li er sterke.

– Me må inn att, slår Ginni fast.

– Ja, me kan ikkje bråslutte. Det har då hendt at det har vore slik hålis at me har køyrd bil inn hit på isen til jol, legg Tore til med håp i stemma.

Avhengige av vatnet: Tore Lien fortel at det har vore mykje plunder både med fylling av drivstoff på Varland og med båtutsett, fordi vasstranden i Møsvatn har vore låg.
Powered by Labrador CMS