Margrethe Aabø saman med Erlend Hovden Landsverk, Sondre Midtbøen Moen og Endre Breidalen.

Margrethe helsar til Bjørg i Fyresdal

Publisert Sist oppdatert

Namn: Margrethe Aabø 

Alder: 65

Bur: Kviteseid 

Gjer: Pensjonist 

Kva er planane dine denne sommaren?

Vere rundt i området.

Har du eit sommarminne du vil dele?

Det må vere alle somrane med bading i Bergvahølen heime i Eikabygda frå morgon til kveld.

Kven gjorde sist noko for deg som du sette pris på?

Når barnebarna viser at dei er glade i meg. 

Kva opptek deg i lokalmiljøet?

Det å vere ein del frivillig, og at det skal vere godt og trygt for alle å bu i Kviteseid. 

Kvar i Vest-Telemark vil du helst vera ein fin sommardag?

På badestranda Sorgenfri i Kviteseid.

Kva ville du vist til nokon som kom til Vest-Telemark for fyrste gong?

Kviteseidbyen og bygdetunet. 

Har du eit ord eller uttrykk frå Vest-Telemark du likar godt?

«Jasafet i sjoen», det er kanskje ikkje så mange som forstår. Det betyr harespor i snøen. 

Nokon du vil sende ei sommarhelsing til?

Bjørg Breivik i Fyresdal, som er ein tidlegare kollega. 

Powered by Labrador CMS