Ingrid Andrup

Ingrid er oppteken av at det skal vere tilbod til unge

Publisert

Namn: Ingrid Andrup

Alder: 18

Bur: Seljord

Gjer: Assitent hos Vest-Telemark Synssenter

Kva er planane dine denne sommaren?

– Eg skal jobbe og vere saman med venner. 




Har du eit sommarminne du vil dele?

 – Har mange fine sommarminne frå hytta vår i Oslofjorden saman med familien. 

Kven gjorde sist noko for deg som du sette pris på?

– Vennene mine.

Kva opptek deg i lokalmiljøet?

 – At det skal vere tilbod til unge. 

Kvar i Vest-Telemark vil du helst vera ein fin sommardag?

– Då vil eg gjerne vere på Telnes. 

Kva ville du vist til nokon som kom til Vest-Telemark for fyrste gong?

 – Eg hadde tatt dei med til Sjøormtårnet.

Har du eit ord eller uttrykk frå Vest-Telemark du likar godt? 

 – Kjem ikkje på noko.

Nokon du vil sende ei sommarhelsing til?

– Då vil eg helse til venner og familie. 

Powered by Labrador CMS