Heidra for dugnadsarbeid i ein mannsalder
– Namnet på prisvinnaren er synonymt med dugnad og Granvin, sa ordførar Solveig Sundbø Abrahamsen før ho røpa namnet på mottakaren; Randi Nordskog.
– Vent litt, seier Randi Nordskog, som svarar på telefonen med ein gong Vest-Telemark blad ringer henne måndag morgon. Bak henne surrar stemmer, og me forstår at ho ikkje er heime.
– Du skjønnar, eg skal ha ein spinningtime no klokka ti, forklarar ho i telefonen, medan me høyrer det stadig kjem folk bort til henne for å gratulere.
Altså – Randi Norskog kviler ikkje på laurbæra. Tidleg dagen etter at ho har blitt kåra til årets kulturprisvinnar i Seljord, er ho i gang att på sitt kjære Granvin, no som spinninginstruktør på Sterke-Nils-senteret.
Kjenner seg stolt og æra
I går sat ho i gamlesalen pynta i bunad som alltid på nasjonaldagen. Etter kvart som ordførar Solveig Sundbø Abrahamsen, etter å ha forklara at kulturprisen skal gå til nokon som har gjort ein innsats utover det vanlege innan kultur og/eller idrett i Seljord, og både leiarskap i dyrskumatgruppa i idrettslaget og skulekorpset blei nemnt, byrja ho å ane at det kunne vera henne.
– Eg blei veldig stolt og syntest det var svært moro, seier ho om den umiddelbare reaksjonen.
Ut over ettermiddagen og kvelden sundag, ettersom pristildelinga blei kjent, strøymde gratulasjonane på.
–«Alle» gratulerer meg. Eg har fått enormt mange meldingar og telefonar. Alle seier at utmerkinga var så vel fortent, så då trur eg på det, slår ho fast.
– Energisk eldsjel
Av godord som blei henne til del under seremonien var karakteristikk som ei energisk eldsjel med stort engasjement for lokalsamfunnet. Ho blei omtala som oppfinnsam og løysingsorientert med gode overtalingsevner når det gjeld å søkje midlar til friviljug arbeid.
Sjølv om ho ikkje lenger arbeider på Granvin kulturhus, som ho gjorde i svært mange år, er ho leiar av Granvins vener, ei gruppe der kompetansen hennar innan søknadsfeltet etter midlar kjem godt med.
– Hjarta mitt for Granvin er kjempestort, eg tenkjer på kulturhuset nesten heile tida. Ein tidlegare prest i soknet bruka å seie at kyrkja er det viktigaste huset i bygda. Då tenkte eg alltid: Granvin er akkurat like viktig!
Kulturprisnemnda, som har omfatta Solveig Sundbø Abrahamsen, Carina Thorvaldsen og Beate Marie Dahl Eide frå Seljord kommune, og Olav Moen, Anette Groven-Robertsen og Johannes Rindal frå Sparebankstiftinga Seljord, hadde med seg ein sjekk på tjue tusen kroner, samt ein skulptur laga av Phillip Dommen, som ordføraren overrekte.
– Friviljug arbeid betyr mykje, og gleda ved å vita at du utgjer ein forskjell, er nok ei drivkraft, sa prisutdelaren.
– Song tyder mykje
Under tildelinga blei det også nemnt at song og musikk tyder mykje for prisvinnaren. Noko ho skriv under på.
– Eg har sunge i kor i over femti år, og dei siste åra har eg også hatt songstunder på sjukeheimen Nesbukti. Så song tyder mykje for meg, slår ho fast.
Den 75 år gamle Randi Nordskog kjenner seg djupt æra over utmerkinga, og tek til seg alle godorda.
– Iveren etter å drive på, blei i alle fall ikkje mindre etter dette, så eg skal nok halde fram i mange, mange år, kvitrar den glade prisvinnaren.