Eva (15) er eit av landets største keepertalent
Det er berre to år sidan ho tok på seg keeperhanskane fast. I sommar var Eva Lyngestad frå Åmot einaste telemarksjente på fotballforbundet si talentsamling i Porsgrunn.
15-åringen frå Åmot har denne sesongen spela både for Vinje gutar 16-lag og Odd jenter 16. Ho har framleis eitt år att på ungdomsskulen i Åmot og vil halde fram med kombinasjonen, men Eva er vand med pendling. Det har blitt mange timar i bilen tur/retur Skien for både keepertreningar og treningar med J16-laget til 1. divisjonsklubben i Grenland. I snitt blir det tre turar og 15 timar i bil i veka.
– Eg har blitt god på å sove i bil, seier Eva med eit smil når VTB møter henne på fotballbanen i Åmot.
– Me trong ein bil som var mogleg å sove i, legg pappa Torbjørn til.
Familien har alt runda 30 000 kilometer i bilen i løpet av fem månader.
Plass på krinslaget
– Eg lika ikkje å stå i mål då eg var yngre, fortel Eva.
Ho kjente på presset med å vera keeper, og det kom rett som det var nokre tårer når ballen gjekk i mål bak henne. Derfor ville ho heller spela utpå. Men då laget for to år sidan trong ein keeper, tok ho på seg hanskane igjen. Og dei beheldt ho på. Ho fekk smaken på å hindre motstandaren i å skåre, og ville snart ha meir direkte keepertrening. På førespurnad om ho kunne få trene litt med krinslaget, fekk ho raskt fast plass blant Telemarks beste 2011-jenter. I mai kom ho gjennom eit nytt nålauge; som den einaste jenta i kullet sitt frå Telemark blei ho tatt ut til NFFs talentleir på Kjølnes i Porsgrunn. Ho var ein av tre keeperar blant dei 29 jentene frå heile landet som blei tatt ut til samlinga.
Spelarane som er tekne ut her, har vist ferdigheiter, haldningar og utvikling som gjer at me vurderer dei som dei største talenta i landet i sine aldersklassar.
I sommar skal ho hospitere for andre telemarksklubbar; fyrst med Skarphedin J15 på Dana Cup, deretter med Snøgg J16 på Norway Cup.
I Odd har ho også selskap av Hedda Holte Hylland som også kjem frå Vinje, og som nyleg fekk tildelt stipend på fotballskulen i Vrådal. Eva fekk dette stipendet i fjor.
Eva spelar for J16-laget i Skien, men har også fått prøve seg i kamp for Odd 2 som spelar i 3. divisjon. Fyrstelaget spelar i 1. divisjon (nest høgaste nivå).
– Stort talent
Eva og pappa Torbjørn kan ikkje få fullrost opplegget og mottakinga dei har fått i Skien. Eva får mellom anna oppfølging av keepertrenar-legenda Terje Abrahamsen.
Ein som har latt seg imponere over Eva er Tor Arne Svartangen. Han er leiar for landslagsskulen i Telemark fotballkrins.
– Ho er veldig dedikert til fotballen, og utan tvil eit stort talent som kan bli skikkeleg god. Ho er uredd og har gode føresetnader, er attesten frå Svartangen.
J15 er fyrste nivå spelarar kan kle seg i den norske landslagsdrakta. Fyrste uttak er i haust. Svartangen seier Lyngestad er ein av seks keeperar i landet som kjempar om dei to plassane i troppen.
Inspirert av sambygding
Eva ser for seg å byrje på toppidrettsgymnaset i Skien neste haust, men vel å ikkje sjå alt for langt fram.
– Eg har berre lyst til å nå så langt som mogleg, seier ho audmjukt.
– Men favorittklubben da?
– Barcelona. Men eg har liksom ikkje tenkt at eg skal dit.
– Keeperfavoritt?
– Manuel Neuer.
Ho har under VM også fått sansen for Josimar «Vozinha» Dias, 40-åringen som stod i mål for Kapp Verde.
Men før Eva trekte fram landslagskeeperen til Tyskland og den nye kulthelten frå Kapp Verde, nemnde ho eit anna førebilete; Kaisa Vale.
Kaisa har gått den same vegen som Eva nå har byrja på. Keeperen gjekk tidleg frå Vinje IL til Odd. I dag er 20-åringen i USA og studerer «management» samstundes som ho spelar fotball. I dei to første åra i USA representerte ho universitetet i Louisianna. Nå går turen til West Virgina.
PS: Inger Vadder Sandland frå Høydalsmo var den siste vesttelen som spela i Toppserien for kvinner. Ho var sentral for Hønefoss BK. I januar i år melde ho overgang til IFK Norrköping i Sverige.
Lene Lauve frå Kviteseid fekk toppseriekampar for både Urædd, Lillestrøm og Fart. Ho blei seriemeister med Lillestrøm. Lauve var, som Eva, keeper.