– Det er me som tar vala. Det er viktig at me bruker stemma vår
Sondre Elias, Julia, Line og Omar tenker høgt om «kvardagsdemokrati» frå Kongens nyttårstale.
Alle som bur her er del av kvardagsdemokratiet vårt.
Kong Harald løfta ordet «kvardagsdemokrati» i nyttårstala til det norske folk. VTB har spurt nokre vidaregåandeelevar kva dei meiner kvardagsdemokrati tyder.
– Me må velje det gode saman.
Det seier Line Yri Aaberg (18). Ho er elev ved Kvitsund Gymnas, og trur Kongen først og fremst vil at me skal bli meir bevisste på å ta gode val i kvardagen. Medelev Omar Mtiri (18) meiner det handlar mykje om korleis me møter kvarandre.
– Me må lytte til kvarandre – også når me er ueinige, seier han.
– Det er me som er demokratiet i Noreg. Det er me som tar vala. Det er viktig at me bruker stemma vår, seier Kvitsund-elev Julia Vetvik (18).
Må finne glede saman
Det mest behagelege er kanskje å sitje heime og rekne med at andre skal ordne opp. Men det held ikkje. Pila peiker på kvar og ein av oss. For kvar og ein betyr noko. Uansett kva du måtte streve med: Det er behov for akkurat deg.
– Kongen oppfordrar her til aktiv deltaking, seier Omar.
Han meiner frivilligheit byggjer demokrati.
– Alle har eit ansvar for å bidra, det er slik me oppretthalder samhaldet.
Sondre Elias Skutlaberg (19) tenker på kvardagsdemokrati som noko ungdommane møter på når dei til dømes skal bli einige om ein film dei vil sjå saman.
– Alle si stemme er like mykje verd i Noreg. Det gjeld også dei som er nye i landet, seier Julia.
Ho trur Kongen tenkte litt ekstra på nettopp det når han sa;
Det å kunne sette seg inn i andre menneskes situasjon og føle med kvarandre er heilt avgjerande for vegen frå eit eg til eit vi. Og det er dit me må, det er der me skal vere. Både i internasjonal solidaritet og i kvardagen vår – i alle slags møte med menneske.
– Demokrati kjenner ikkje landegrenser og etniske forskjellar. Me må fokusere på menneskeverd, seier Julia.
Ho meiner nordmenn kan gje inntrykk av å vere litt lite opne.
– Eg trur det er få nordmenn som ser på innvandring som noko som berikar. Me må vere meir villige til å møtast på midten. Me må finne glede saman.
Det handlar om oss
2026 er Totalforsvarsåret. Vårt beste sivile vern både i fred, krise og i verste fall krig, er ei befolkning som står saman, og som er villig til å bidra – kvar på sin måte. Både med hovud, hjarte og hender. Med tid og med krefter. Velkomen på laget, kvar og ein.
Kongens tale penslar oss inn på verdssituasjonen. Kvitsund-elevane veit at dei lever i ei uroleg tid.
– Eg trur me går mot ein ny realitet. Me kjem til å måtte trappe opp, seier Julia.
– Vår struktur er trua. Me har levd i eit paradis. Eg trur dei eldre forstår dette betre enn oss. Ein må alltid førebu seg, seier Omar.
Julia seier at i urolege tider blir kvardagsdemokratiet endå viktigare.
– Me har ein tendens til å krype inn i oss sjølve når det er uro rundt oss. Men det er viktig at me kjemper for fellesskapet saman, og held kvarandre oppe. Totalberedskap handlar ikkje berre om å ha nok vatn og hermetikk på lager. Det handlar om beredskapen vår, det handlar om samfunnet - oss -, seier ho.
Sondre Elias meiner me må bli flinkare til å ta initiativ.
– Me må hjelpe dei som ikkje har det like bra som oss. Demokrati handlar om å inkludere.
– Demokrati er likskap og rettferd uavhengig av bakgrunn, avsluttar Julia.