Opnar vegen i Dyrsku-helga

Det er framleis arbeid i Eidsborgberget, men i helga blir vegen open for trafikk frå torsdag. 

Publisert

Torsdag 10. september opnar fylkesvegen mellom Dalen og Eidsborg klokka 14.30, og blir heilt open fram til måndag 14. september klokka 08.30. Dermed blir det kjappare å kome seg på Dyrsku’n for mange. 

Frå måndag blir det same opningstider på fylkesveg 450 som tidlegare, og dei er: 

Måndag - torsdag stenger vegen klokka 08.30 kvar morgon, men er open frå klokka 14.30 til 16.00, og frå klokka 20.00 til 08.30 neste dag. 

Fredag er vegen stengt frå klokka 08.30 til 14.30. Frå fredagar klokka 14.30 til måndagar klokka 08.30 er vegen heilt open. 

Det melder Tokke kommune på sine heimesider.

Powered by Labrador CMS