Lokal låvedialekt

Luftevegg: For å tørke opp inne i husdyrrommet blei delar av fjøsveggane ofte eksponerte for ljos og luft, slik som den gulmåla delen av uthuset på Haugan i Brunkeberg.

Kvifor er så mange av låvane i Vest-Telemark måla raude øvst og gule nedst?

Ein liten køyretur rundt i vestfylket viser at påfallande mange uthusbygningar er måla i fargekombinasjonen raudt og gult. Mykje tyder på at dette er ein særmerkt låvedialekt for området.

Publisert Sist oppdatert

I 2014 gav Eva Røyrane og fotograf Oddleiv Apeneseth ut den 563 siders praktboka «Norges Låver» på Skald forlag. Boka tek føre seg einskapslåven; låven som avløyste mange av småhusa på tunet på gardsbruket. Dette skjedde under det som blir omtala som det store hamskiftet i landbruket, då drifta blei tilpassa pengesamfunnet. Bygningsvernrådgjevar hjå Vest-Telemark museum, Trond Arild Pedersen, fortel at ulike uthusbygningar som frittståande fjøs, stall og grisefjøs ofte blei flytta inn i bygget.

Sidan det er dyrskutid passar det også å nemne at det var statsagronom Johan Lindequist (1823-1898) som i 1856 fyrst teikna eit uthus med gjødselskjellar. Tidlegare hadde dei lempa møkka ut i ei dynge, står det å lesa i boka om låvane. Lindequist var også den som organiserte den fyrste statsutstillinga for storfe i Seljord i 1866, noko som blei starten på den årlege Dyrsku’n.

Billig måling

Liv og levnad: – Bygningar representerer liv og levnad, understrekar bygningsvernrådgjevar ved Vest-Telemark museum, Trond Arild Pedersen.

Boka «Norges låver» dokumenterer låvar i alle fylka, men det påfallande er at ingen av dei svært mange fotografia viser låvar i fargekombinasjonen raudt og gult. Dei aller fleste låvane er raude; noko som blir forklart med at raudmålinga var den billigaste, og blei ofte levert av ein svensk produsent som laga fargen Falu-raud. Somme av låvane i boka er gulmåla, og den same okerfargen er også nokon stader nytta på dører og som dekor elles på bygningane.

Kan hende hadde fargebruken ei økonomisk forklaring, for ifylgje ein artikkel i boka Gamle trehus, som kom ut på Gydendal forlag i 2011, understreka pigment og fargeval sosiale skilnadar.
– Så langt tilbake me har kjelder, har det vore store prisskilnadar på ulike pigment. På grunn av framstillingsprosessen var prøysserblått og blykvitt dyrt. Engelskraudt og oker fann ein i naturen, og var difor blant dei billige pigmenta, heiter det i artikkelen.

Låvemangfald utan den spesielle fargekombinasjonen



Målet med bokverket Norges låver, var ifylgje utgjevarane, å dokumentere det store låvemangfaldet i landet. Kvifor boka ikkje har funne plass til dei karakteristiske raud- og gulmåla uthusbygningane i Telemark, veit me ikkje, men alle som ferdast på E134 mellom Seljord og Haukeli, kan berre starte å telje.

På Haugan i Brunkeberg lyser ein vakker låve, som bokverket Norske gardsbruk fortel at inneheld fjøs og hønsehus og er bygt i 1924. Her ser ein at det er nedste delen av bygningen, det tømra fjøset, som er gulmåla. Bygningsvernrådgjevar Pedersen fortel at grunnen til at det tømra fjøset ikkje vart kledd med ståande låvekledning, som resten av bygningen, var at dei ynskte å få luft og solljos på veggane for å tørke opp inne i fjøset.

Flest i Kviteseid og Tokke

Er så fargekombinasjonen raud og gul heilt spesiell for Telemark? På det spørsmålet svara avdelinga for kulturarv i Telemark fylkeskommune at dei ikkje er så kjende med dette. Heller ikkje Riksantikvaren, direktoratet for kulturmiljøforvalting, kjenner til noko generell forklaring på denne bruken av fargar. Konservator ved Vest-Telemark museum, Dag Rorgemoen, lurar på om fargekombinasjonen kan ha med målinga å gjera.
– For å framstille raud oker nyttar ein leire med høgt innhald av jarnoksid. Varmar ein opp leira får ein raudfarge. Om ein ikkje gjer det, får ein gulfarge, forklarar konservatoren.

Ein av Kviteseids mange: Uthusbygningen på Jore i Lundevallsgrendi.

Med bakgrunn i dokumentasjon i boka Norges låver, og ei ikkje så veldig grundig og seriøs journalistforsking etter vegane i Sør-Noreg og langs kysten frå Bergen til Kirkenes, vågar me i alle fall å påstå at det i Vest-Telemark er ei opphoping av desse karakteristiske låvane. Bokverket Norske gardsbruk kan også gje ein peikepinn på stoda. Ved gjennomgang av dei fire banda for Telemark, som blei utgjevne på Foyn forlag i 2002, finn me at somme kommunar peikar seg ut med særleg mange bygningar måla i dei to fargane. Heller ikkje desse resultata er noko eksakt vitskap – somme av bileta kan vera tekne frå ein vinkel der berre ein liten del av låvebygningen er med, medan andre kan vera så mørke og fotograferte på så lang avstand at ikkje heile bygningen er synleg. Uansett teiknar det seg store geografiske skilnader – frå ingen slike i Bamble og Siljan til 29 stykk i Kviteseid og 28 i Tokke.

I Vinje fann me 19 raude og gule låvar, det same i Nome. Men i grannekommunane Midt-Telemark, Drangedal og Skien dukka ikkje desse opp særleg hyppig. Me fann 8 i Skien, 4 i Midt-Telemark og 1 i Drangedal. Men i den siste nabokommunen, Kviteseid, er altså, som før nemnt, fenomenet svært utbreidd.

– Ein type byggjeskikk startar gjerne i eitt bygdelag, og så fylgjer andre bygdelag etter, forklarar Pedersen.

I grannekommunar til Kviteseid er også «moten» utbreidd. I Nissedal finn me 12, Seljord 8 og Fyresdal 4. I Aust-Telemark står også mange slike låvar; 12 i Hjartdal og 9 i Notodden. Elles er tala slik: Kragerø 2, Tinn 3 og Porsgrunn 4. 

Same særtrekket: Også på låvar med berre ståande kledning, som på Haavet i Svartdal, er same fargevalet gjort.

Kombinasjon av estetikk og funksjonalitet

Som biletet av det vesle uthuset på Lundelid, som står i Kviteseidbyen, viser, hadde lufteveggane ofte ein trekantfasong.

Lundelid: Tomta er utskild frå garden Lunden. Lokalhistorikar Gunnar Ruud fortel at dei aller fleste tomtene i Kviteseidbyen hadde uthus med stall og fjøs, og at mange husdyr måtte naudslaktast under den store bybrannen i 1911.

– Dette handla om ei skråavstiving i konstruksjonen, og er nok såleis ein kombinasjon av estetikk og funksjonalitet, seier bygningsvernrådgjevar Pedersen.

Han synest tradisjonen med tømmerfjøs med lufteveggar i den stavbygde låven er vel verd å ta vare på. Men han kjem med ei åtvaring: Det er ikkje særleg bra å måle fjøsbygningar som ikkje har vore måla før, det vil vera med på å forseinke opptørking. Spesielt målinga som har vore på marknaden sidan krigen, er for tett, forklarar han.

Powered by Labrador CMS