Ella Jebsen (11) frå Kviteseid spelar Neema i den nye NRK Super-serien Klubb Kaos.

2700 barn kjempa om å bli med i NRK-serien. Ei av rollene fekk Ella   

– Det er gøy å vere nokon andre enn seg sjølv, seier Ella Jebsen frå Kviteseid. I haust blir ho kjent for barn i heile Noreg som Neema i NRK Super-serien Klubb Kaos. 

Publisert

– Neema er litt redd og skeptisk. Ho er ein liten konspirasjonsteoretikar, og har sitt eige beredskapslager. Der har ho litt forskjellig – mat, plaster, bandasje, stressball. Ho er god i krise, fortel Ella. 

Neema er ein av dei seks hovudkarakterane i haustens nye NRK Super-serie Klubb Kaos.

– Det er ein veldig kaotisk SFO, seier Ella.

Nokre timar etter skulen går ungane på klubben, og dei får stort sett halde på som dei vil. Amir er vaksen og skal passe på, men har eit ganske avslappa forhold til rolla. Men klubben manglar ein baseleiar. Dei har det nemleg vore hyppig utskifting av. Ei av dei fekk stressutslett. Så det gjev vel eit hint om kor kreative ungane kan vere når dei er på klubben. 

Ella fekk gode venner under innspelinga av Klubb Kaos. Manusforfattarane skriv nå på sesong 2, og ønsker Ella og resten av gjengen tilbake til meir kaos.

I fyrste episode får klubben ny baseleiar – Frank. Frank likar ikkje ungar og er umogleg å få til å le. 

– Kva er det der? Han ser ut som ein robot, seier Neema når Frank, spelt av Odd William Magnusson, kjem på klubben for fyrste gong. 

– Men Frank var snill i verkelegheita, smiler Ella. 

Barn med grå genser peikar oppover i eit innandørs rom.
Ella synest det var moro å spele Neema. Neema er god å ha i krise og har eit eige beredskapslager med litt forskjellig – mat, plaster og bandasje.

2700 ville vere med 

Ella hadde ikkje trudd ho skulle få ei av hovudrollene i NRK-serien, men ho har lenge syntest det verkar spennande med skodespel, og ein dag såg ho ein annonse på NRK Super. 

– Det stod: Vil du bli skodespelar? Så tenkte eg ja, kvifor ikkje? 

For å bli med på audition måtte ho sende inn ein video der ho fortel ein vits.

Mamma og pappa sa ja. 

– Dei trudde jo ikkje det var så sannsynleg at eg fekk bli med. 

Dermed vart videoen sendt til NRK, og seinare kom invitasjonen til å kome på audition. Men invitasjonen fekk dei ikkje med seg. Heldigvis fekk pappa ei påminning på sms. 

Ella synest det er moro at familie og venner nå kan sjå Klubb Kaos på TV.

– Me var på fjelltur og pappa fekk plutseleg melding som var ei påminning om at eg skulle på audition på NRK om tre dagar. 

2700 barn hadde søkt om å få bli med på audition og det var berre fire hovudroller for barn, i tillegg til statistar og nokre mindre roller. Ella visste at sjansen for å bli med vidare var liten. Men håpet vart litt større for kvar gong ho vart invitert vidare. For det vart ikkje berre éin tur til Marienlyst før rolla som Neema var hennar. Tre gonger tok Ella turen til NRK på audition. Fyrst var dei 500 barn, så 200 og til slutt var dei berre 20. 

– Då me berre var tjue igjen tenkte eg, nå er eg skikkeleg nære! Eg var litt nervøs og ville gjere det bra. 

Og bra gjekk det. For ei stund etter den siste auditionen fekk foreldra til Ella e-post om at ho hadde fått rolla som Neema. 

– Då kom det så mange tankar i huet mitt. Kva skjer nå? Eg må bu hos bestemor, eg skal på TV, eg må reise frå skulen, familien, vennene mine. Men eg var mest glad!

Fire barn sit saman i ein sofa framfor hyller med bøker og leiker.
Ella og dei tre andre barna som spelar hovudrollene i Klubb Kaos.

Premierefest med klassa

Innspelinga føregjekk på Marienlyst, altså eit godt stykke unna Lauvstadfeltet i Kviteseid der Ella bur. Heldigvis har ho ei bestemor som bur på Bekkestua i Bærum, og då innspelingane starta i fjor vinter flytta Ella inn hos bestemor. I starten reiste dei saman til NRK kvar dag, men etter kvart tok Ella turen med t-banen aleine. 

– Det var litt rart å vere vekk så lenge frå familien, men dei kom på besøk litt i helgene. Og det var også veldig koseleg å bu med bestemor. 

Innspelingane varte heile dagen, og på settet var dei godt kjent med kvarandre. I tillegg til dei andre hovudrollene, var det mange statistar og også mange som arbeidde bak kamera. Ella likte å bli kjent med så mange nye folk, og fortel at dei hadde eit eige rom der dei venta medan andre scener blei spelt inn. Dei måtte vere litt stille slik at ikkje lyden skulle øydelegge for innspelinga, og det var ikkje alltid så enkelt – det er ikkje så lett å vere stille når du har det moro, fortel Ella. 

– Eg lærte veldig mykje om filminnspeling, det var veldig kult. For eksempel kor viktig små detaljar er. Me har mange takingar, og filmar også frå fleire ulike vinklar. 

Ella saman med søskena sine Peter og Molla på premierefest i Oslo.

Innspelingane føregjekk i vinter, og i august var Klubb Kaos klar for publikum. Då var det premierefest, både i Oslo og heime i Kviteseid. 

– Me hadde premierefest i klassa med champagnebrus og saltstengar. Det var veldig gøy at dei gjorde det for meg. Eg trur dei andre syntest det var moro å sjå. 

I klassa ser dei av og til Klubb Kaos når dei et lunsj. Ella synest det er litt flaut, men også gøy. 

Ella er veldig glad for at ho fekk vere med på Klubb Kaos, og har lyst til å drive meir med skodespel. 

– Det er gøy å vere nokon andre enn seg sjølv. Då må eg tenke som nokon andre. Då må eg tenke: Kva ville Neema tenkt og gjort nå? Det er annleis enn kva eg ville tenkt og gjort. 

Sjølv om Ella håpar det blir meir skodespel etter kvart, kan ho godt vente til ho blir litt eldre. 

– Det blir litt mykje styr med skulen og sånn, og det er jo litt tidleg å droppe skulen, smiler ho som nå går i 6. klasse. 

Men eitt unntak har ho, og det er Klubb Kaos. Ella vil gjerne vere med om det blir fleire sesongar av serien, og arbeidet med sesong to er alt i gang.

Produsent i NRK Beate Rendahl, fortel at manusforfattarane nå skriv på sesong to, og at dei veldig gjerne vil ha med Ella og dei andre barna også i neste sesong.

Ella er klar:   

– Om det blir sesong to av Klubb Kaos, vil eg gjerne vere med. Då er det tilbake til bestemor! 

Powered by Labrador CMS