Det blir gravferd for kong Harald i Oslo domkyrkje onsdag.

Kong Haralds gravferd blir vist fleire stadar i Vest-Telemark

(NPK-NTB): Over heile landet inviterer Den norske kyrkja inn folk for å sjå kong Haralds gravferd saman med andre. Også andre opnar dørene. 

Publisert Sist oppdatert

– Over heile landet inviterer kyrkjelydar inn til å sjå kong Haralds gravferd saman med andre. I fellesskap kan ein oppleve den historiske hendinga i kyrkjerom frå Kristiansand i sør til Longyearbyen i nord, og frå Sotra i vest til Trysil i aust, skriv Den norske kyrkja i ei pressemelding.

Dei har lagt ut ein oversikt over kyrkjene det gjeld.

I Tokke inviterer biblioteket og kyrkja til direktesendt framsyning frå Oslo domkyrkje i Gullbjørg-salen. I Kviteseid vil gravferda bli vist på storskjerm på biblioteket. I Vinje opnar dei dørene til festsalen på Vinjehuset for alle som ynskjer å koma saman med andre for å fylgje gravferda frå kinolerretet.

– Alle er velkomne til å delta, og du kan berre møte opp. Kondolanseprotokollen blir denne dagen flytt frå kommunehuset til Vinjehuset, der det vil vera mogleg å skrive ei siste helsing, melder Vinje kommune på heimesida si.

Gravferdsseremonien i Oslo domkyrkje blir sett i gang klokka 13 onsdag. Direktesendinga startar ein time før når prosesjonen med båra forlèt Slottet. Alt blir sendt på NRK.

(©NPK)

Powered by Labrador CMS