To kvinner ved ein frisørstasjon, med speglar og hårprodukt rundt seg.
Yuliia Herashchenko opnar frisørsalong i Treungen. Søstera Nadia skal blant anna bidra med farging av vipper og bryn.

Yuliia har opna frisørsalong

Laurdag kunne Yuliia Herashchenko og systera Nadia ynskje velkommen til ein splitter ny frisørsalong i Treungen.

Publisert

Dei siste vekene har kjellarlokalet på Malenes Hotel blitt pussa opp. På veggen utanfor har det kome opp eit skilt som viser at det no er frisørsalong her.

Det er Yuliia Herashchenko som står bak den nye salongen.

To personar står framfor inngangen til Mavka frisørsalong.
Laurdag var det opning av frisørsalongen Mavka i Treungen. Nadia (t.v.) og Yuliia Herashchenko

– Eg har jobba som frisør i 13 år i Ukraina, fortel ho.

Fekk prøve seg i Kviteseid

Det er eitt år sidan Yuliia kom til Treungen. Ho har lært seg norsk gjennom introduksjonsprogrammet, og i tre månadene har ho hatt språkpraksis hos frisørsalongen Balanzera i Kviteseid.

Trude Lundevall, eigar og dagleg leiar av Balanzera i nabokommunen, synest Yuliia er tøff som no satsar på eigen salong.

– Ho er kjempeflink. Alle her har vore fornøgde, seier ho.

Sjølv om Yuliia har lang erfaring frå frisøryrket, trur Trude likevel praksisen i Kviteseid har vore nyttig.

– Her har ho fått sett litt meir korleis nordmenn likar å stelle håret, seier ho.

Får med seg systera

I den nye salongen vil Yuliia tilby mellom anna klipp, hårfarging, permanent og hårkurar. 

Ho steller også neglar.

Frisør arbeider med håret til ein kunde som sit med svart frisørkappe.
– Ukrainske damer er glade i å pynte seg, seier Yuliia Herashchenko. Her har søstera Nadia fått plass i frisørstolen.

Med seg på laget har ho systera Nadia Herashchenko. Ho jobbar til vanleg som reinhaldar, men skal i tillegg bidra med farging av vipper og bryn i salongen.

Nadia har også planar om å selje eigenproduserte hårspenner.

Yuliia vil dessutan selje norske naturprodukt i salongen.

– Eg trur nordmenn likar det best, seier ho.

Kan kome heim og klippe

Salongen skal vere open frå tysdag til og med laurdag, men Yuliia vil gjerne vere fleksibel dersom kundane har behov for andre tidspunkt.

– Om nokon har behov for ein klipp utanom arbeidstidene, er det berre å spørje oss, seier ho.

Ho vil også tilby frisørtenester heime hos kundane. Tilbodet er særleg tenkt for dei som har vanskeleg for å kome seg til salongen.

– Det kan vere på grunn av sjukdom eller at dei ikkje køyrer bil, seier Yuliia.

To kvinner står ved inngangen til Mavka ved eit reklameskilt og uteservering.
Nadia og Yuliia Herashchenko utanfor den nye frisørsalongen i Tveitsund.

Fekk støtte frå kommunen

Nissedal kommune har også bidratt til etableringa av den nye frisørsalongen. Formannskapet løyvde 50.000 kroner til oppstarten. Pengane er knytte til utstyr og verdiar i salongen.

Powered by Labrador CMS