Linea er ny SoMe-journalist i VTB
VTB lyste ut stilling som SoMe-journalist i sommar. Til helga er Linea Bekk (18) frå Dalen på jobb for VTB på Dyrsku’n.
Linea Bekk (18) frå Dalen er på plass i VTB-redaksjonen. Ho går siste året på Vest-Telemark vidaregåande skule og er tilsett i ei prosjektstilling på 20 prosent i VTB ut året.
Linea skal styrkje videosatsinga til lokalavisa, og gler seg til å køyre på kryss og tvers av Vest-Telemark for å snakke med vesttelar.
– Kvifor søkte du på jobben?
– Det høyrdest veldig moro ut! Eg gler meg til å snakke med masse forskjellige folk og få verdifull erfaring, seier ho.
– Kvifor har VTB tilsett ein SoMe-journalist, redaktør Øystein Øygarden?
– Som mange andre aviser er me ikkje relevante nok i kvardagen til unge. Med ein SoMe-journalist vil me prøve å nå ei gruppe som ikkje får papiravisa i postkassa, og som heller ikkje har det som vane å besøkje vtb.no, seier han.
Redaktøren er godt nøgd med at redaksjonen sin yngste no er på plass.
– Ho er alt godt i gang, og eg gler meg til å fylgje arbeidet utover hausten. Dette blir bra!
Til helga kan du treffe SoMe-journalist Linea på Dyrsku’n.