Hjelper familiar som vil flytte til bygda
Arie Bakker flytta sjølv frå Nederland til Vest-Telemark. No hjelper han andre nederlendarar som drøymer om det same. Så langt har han og kona bidratt til at 13 familiar har tatt steget.
Det hender at det kjem framande bilar køyrande inn på tunet til Arie Bakker og kona i Kviteseid.
– Det er folk som opplever at dei kjenner oss, men me veit ikkje kven dei er, smiler Bakker.
Forklaringa kan vere at nederlendaren har blitt kjent blant landsmenn som drøymer om eit nytt liv i Noreg.
Han har skrive bok om Noreg og starta ein podkast om det å flytte hit. Podkasten har blitt populær, mellom anna blant nederlendarar som sjølve vurderer å ta steget.
Nokre av dei tek også direkte kontakt med Arie og kona.
Tok steget sjølv
Før han flytta til Noreg jobba Bakker som rektor på ein spesialskule i Nederland. Han opplevde arbeidskvardagen som krevjande. Dårleg økonomi gjorde at skulen fekk beskjed om å kutte. Då bestemte han seg for at han ville vere den fyrste som slutta.
Bakker og kona hadde allereie eit nært forhold til Noreg.
– Kvar einaste sommar reiste me hit, seier han.
Etter kvart kom tanken om å busetje seg i landet. I 2012 tok dei steget. Fyrst gjekk turen til Rauland. To år seinare kjøpte familien eit hus i Kviteseid, der dei nå bur.
Dei måtte lære seg eit nytt språk, men også ein ny kultur.
Kona fekk jobb som lærar, medan Arie hadde lyst til å prøve noko heilt anna. Han byrja å jobbe på hotell.
Trur fleire vil flytte
Bakker trur fleire nederlendarar kjem til å gjere det same som han og familien gjorde.
Han meiner mellom anna at den politiske situasjonen i Nederland kan føre til at fleire ynskjer seg vekk. Han opplever at landet har blitt meir polarisert, og at framandfrykta veks.
– Det er mange som ikkje trivst med det, seier han.
Han meiner også at folk i Nederland merkar større konsekvensar av klimaendringane, mellom anna gjennom varme somrar.
Det bur 18 millionar i landet, og folk bur tett.
– Mange nederlendarar saknar natur, seier han.
Bakker meiner derfor at plassen, roa og nærleiken til naturen i Noreg lokkar mange.
– Dei ser på dette som paradis, seier han.
Ikkje berre enkelt
Når Bakker snakkar med folk som vurderer å flytte til Noreg, er han samtidig oppteken av å fortelje at livet her ikkje berre er enkelt.
Det er mellom anna kulturforskjellar ein må vere førebudd på.
– Nederlendarar kan vere svært direkte. Eg er også det, fortel han.
Sjølv har han opplevd at norske kollegaer har reagert på den direkte måten å kommunisere på.
– Nordmenn er veldig forsiktige med kvarandre. Ein må lære seg å snakke på ein annan måte i Noreg, seier han.
Regelverket i arbeidslivet er også annleis. Bakker meiner det mellom anna kan vere utfordrande for handverkarar som kjem frå Nederland å setje seg inn i korleis det norske arbeidslivet fungerer.
Bakker er oppteken av å justere forventningane til folk før dei flyttar.
– Eg må også fortelje at ikkje alt er mogleg, seier han.
Bra med nye idear
Gjennom boka og podkasten kjem Bakker i kontakt med stadig fleire som vurderer å flytte frå Nederland.
Han og kona har no hjelpt 13 familiar med å flytte til Noreg, mellom anna med å finne eigna hus.
Ein av familiane flytta til Kviteseid i haust, og to andre har planar om å kome etter, fortel han.
Bakker meiner dei små samfunna i Vest-Telemark treng både nye idear og endringar.
Derfor meiner han det er viktig å få unge menneske til å busetje seg her, men også folk frå andre land som kan kome med nye tankar og idear.
Og Bakker trur interessa frå Nederland berre vil bli større i åra som kjem.
– Er me førebudde på det? spør han.