Seksten små, seks store og ein lastebil
Elevane står i kø for å få plass på Vinje skulegard. Førre veke fekk dei ei gåve som gjer det endå artigare med praktisk skule.
– Der kjem pappa med verktøy, ropar Odin Ofte.
Han har fått auge på lastebilen som er på veg opp mot tunet på Vinje skulegard. No kjem vaksne og ungar springande frå hus og hage, og samlar seg rundt bilen.
Ut hoppar sjåfør og dagleg leiar på Bygger’n Rauland, Øyvind Ofte. Han er ikkje sein om å få sving på krana, og løftar ned ein innpakka pall frå lasteplanet. Den har gule lappar festa rundt heile der det står «Sløydmillionen».
Dette er eit tiltak som Bygger’n har sett i gang med for å fremje verktøymeistring og byggeglede blant barn, og no har skulegarden fått napp med søknaden sin.
– Oi, her er det ein pussemaskin, seier skulegarddrivar Ruben Kleppan, som har drege av plasttrekket og kikar på verktøyeskene.
– Det var nokon som gav opp litt her i vinter, fordi dei ønska seg slik maskin. Så det er bra, smiler han og klappar på ei øskje som inneheld pussemaskin.
28 ville ha plass
Kvar onsdag tek Vinje skulegard imot elevar frå Vinjeskulen som får fylle dagen med praktiske aktivitetar som dyrking, hausting, matlaging, dyrestell, vedproduksjon og snikkering.
Då dei starta opp i fjor var dei tolv elevar og seks vaksne på garden kvar onsdag. I år har dei auka til seksten elevar, og dei kunne også ha fylt ein dag nummer to, for heile 28 elevar søkte om plass på skulegarden.
Odin er ein av dei som fekk plass, og sjølv om han trivst veldig godt her må han jo nesten prøve seg når lastebilen skal returnere.
– Kan eg bli med deg, pappa?
Men det kan han slett ikkje, for han har fått oppdraget med å vise VTB kva dei driv med på skulegarden
Øks, bærspann og gapahuk
På tunet ser me rett inn på vedplassen som får ly av låvebrua.
– Me bruker øks til å kløyve ved, fortel Odin, som kan stadfeste at ingen har hogge seg i foten til no. Så viser han veg opp låvebrua og inn i den isolerte snikkarboden, der dei no får pussemaskin og andre elektriske hjelpemiddel.
Ute att går me tvers over tunet, gjennom ein port i muren ved våningshuset og ned i ein frodig hage med jordbærplanter, jordeple, gulrøter og enorme ripsbuskar som fleire elevar er i full sving med å lette for bær, iblanda litt busksisten.
Vidare går me gjennom muren på andre sida av huset og beint opp lia til eit gapahukprosjekt, før me fer ned att og endar rundturen ved nok eit byggeprosjekt bak låven.
Stolpehammar, spraymåling og kadaver
Her blir me møtt av høge smell frå ein stolpehammar. Stolpane elevane slår ned i bakken viser omrisset av eit framtidig drivhus, og Odin får tildelt ein sprayboks med raudmåling som han får i oppdrag å merke dei med.
– Det er så dei skal synest godt når me tek bilete av plasseringa, forklarar Ruben medan Odin fer rundt og sprayar.
Attende på tunet tek Odin og bladfyken ein siste stopp ved ein litt uvanleg gjetteleik, for frå låvebrua dinglar eit flådd dyr. Det uheldige dyret blei påkøyrd, og skal bli brukt til åtejakt seinare, men i mellomtida blei det dagens gjetteleik for skulegardelevane.
– Kva er dette? Er det ein mår?
– Det er ein grevling, svarar Odin, som lærte fasiten tidlegare i dag.
– Men eg synest ikkje det liknar så veldig.