På museet i Eidsborg står eit av Noregs eldste trebygg.

Men vil du sjå Stålekleivloftet slik det har stått gjennom århundre, må du forte deg.

Snart vil det ikoniske bygget ikkje vere til å kjenne att.

Bergingsplanen som fagfolk ikkje støttar

Det stadig våtare og villare vêret er hardt med Stålekleivloftet, som er blant Noregs eldste trebygg. Nå får det hjelp – men også bergingsplanen er i hardt vêr.

Publisert Sist oppdatert


I fleire år har Vest-Telemark museum planlagt kva dei skal gjere for å berge det ikoniske Stålekleivloftet på Eidsborg bygdemuseum. Dei har fått  5,3 millionar kroner til eit Stålekleiv-prosjekt. Pengane kjem frå Telemark fylkeskommune, Tokke kommune og DNB Sparebankstiftinga.

Karl Endre Bjerk har sett opp stillas kring Stålekleivloftet denne aprilfredagen.

Denne siste fredagen i april har prosjektleiar Karl Endre Bjerk begynt å setje opp stillas kring loftet, vel vitande om at tiltaket han nå set i gang får motbør frå både tradisjonshandverkarar og andre fagfolk. 

Prøvar av stokkane viser at Stålekleivloftet er meir enn 850 år gamalt. Det er to etasjar høgt, og like breitt heile vegen. På gamle bilete og teikningar ser ein at det stikk novarmar ut i etasjeskiljet. Desse har på eit tidspunkt blitt saga av, men Bjerk er heilt sikker på at dei har bore ein svalgang i tidlegare tider.

Meir om protestane lenger ned – fyrst litt om bergingsplanane som, ifølge Bjerk, har vore mest aktuelle. 

Det er tre alternativ som peikar seg ut: Eit frittståande vernebygg («tak over tak»), ein tradisjonell svalgang eller ein nymotens, takhengd svalgang.

Det er det siste alternativet – takhengd svalgang kledd att med nysaga låvekledning – som Vest-Telemark museum har fått løyve til, og som dei nå set i gang med. Ein svalgang som museumsgjester ikkje får høve til å gå inn i.

Her er teikninga av korleis den takhengde svalen skal konstruerast.

I søknaden Bjerk og museet sende til Telemark fylkeskommune for å få løyve til tiltaket står følgjande: 

«Vald løysning varetek byggets ikoniske utsjånad»

Slik blir det ikkje, og nå renn tida ut for den som vil sjå Stålekleivloftet slik det har sett ut i alle fall dei siste par hundre åra.

– Dei må forte seg, stadfestar prosjektleiar Bjerk, som skundar seg å legge til at det heldigvis finst mange bilete og teikningar av dette ikoniske bygget.

– Korleis vil Stålekleivloftet sjå ut når prosjektet er ferdig?

– Då vil det ikkje sjå ut slik som det gjer i dag. Då vil det bli sjåande ut meir som eit tradisjonelt loft med svalgang, samtidig som du ser tydeleg at svalgangen er lagt på nå for å beskytte loftet i framtida, seier Bjerk.

Slik er det skissert at Stålekleivloftet blir det sjåande ut når det er ferdig.

Fleire fagfolk protesterer

I søknaden sin skreiv museet også at fagfolk har vore med på å lande denne løysinga:

«Ein har etter grundige vurderingar saman med eit breitt utval fagfolk valt å etablere nytt tak, samt re-etablere svalgangar på loftet.»

Men kven utgjer dette breie utvalet av fagfolk som har vore med på å vurdere at tiltaket med takhengd svalgang er rett?

David Hauer er i alle fall ikkje ein av dei. Han er vara til lokalstyret for Eidsborg bygdemuseum – som eig Stålekleivloftet – og er også fagansvarleg på Vikingtidsmuseet på Bygdøy. To andre som ikkje er på lista over støttande fagfolk er dei profilerte tradisjonshandverkarane Thomas Sandvik Jacobsen og Håkon Fjågesund. 

Her er styret i Fortidsminneforeninga i Vest-Telemark avbilda framom Stålekleivloftet i samband med konstituering av nytt styre, f.v. Lars Gunnar Veum, Thomas Sandvik Jakobsen, Kjetil Hølland, Liv Sandvik Jakobsen, David Hauer og Håkon Fjågesund. Dei har klaga på tiltaket som nå blir sett i gang på dette særs gamle loftet, der ein vil henge ein svalgang på taket og kle denne att med låvekledning.

Alle desse tre er styremedlemmar i Fortidsminneforeninga i Vest-Telemark, og har saman med resten av styret klaga på løyvet fylket har gjeve til takhengd svalgang.  

Også fortidsminneforeininga nasjonalt stiller seg bak denne klaga. I eit brev til fylket skriv generalsekretær Ola H. Fjeldheim følgjande:

«Fortidsminneforeininga nasjonalt er av oppfatninga at dispensasjonen som er gjeve til tiltaket må trekkjast, og at det må gjerast ein langt meir grundig og langsiktig gjennomgang av kva for tiltak som best bevarer Stålekleivloftets kulturhistoriske verdiar vidare.»

Museets eigne fagfolk er tause

Bygningsvernrådgjevar Trond Arild Pedersen.

Trond Arild Pedersen har sidan 2020 vore bygningsvernrådgjevar i ei fylkeskommunalt finansiert teneste med sete på Vest-Telemark Museum. Før det var han bygningsvernansvarleg ved Vest-Telemark Museum. VTB har spurt Pedersen om han er blant fagfolka som støttar tiltaket som nå blir gjort.

– Det ønskjer eg ikkje å kommentere, svarar Pedersen. 

Tømrar Bjørn Egil Nordgarden er fagansvarleg for tiltaket som nå blir sett i gang på Stålekleivloftet. Han har også vore med på å bygge ein tru kopi av andre høgda av dette loftet på gamlemåten. VTB har spurd om Nordgarden støttar tiltaket som nå blir sett i gang på Stålekleivloftet.

– Det ønskjer eg ikkje å kommentere, svarar Nordgarden.

Siste skanse

VTB spør prosjektleiar Bjerk om han kan peike ut dei fagfolka som støttar tiltaket. Han kjem opp med tre namn: Tømrar Jørn Berget, som har vore med på å datofeste tømmerstokkane i Stålekleivloftet,  Kjell Andresen, som er pensjonert rådgjevar hos riksantikvaren, og Alexander Myrseth som har jobba på norsk folkemuseum, og som nå er hjå Riksantikvaren.

Tradisjonshandverkar Jørn Berget.

Heller ikkje her er det støtte å finne.

– Eg støttar ikkje tiltaket som nå blir sett i gang, skriv Berget i ein sms til VTB. Han meiner det andre svalgangalternativet ville vore det beste.

Både Andresen og Myrseth fortel til VTB at dei ikkje har vore involverte i Stålekleivprosjektet sidan 2022. Dette var før ein hadde landa på kva løysing ein skulle gå for, og dei er ikkje informerte om kva løysing ein har valt.

– Derfor ønskjer eg ikkje å kommentere dette, svarar begge to.

Kan rivast att

Attende på bygdemuseet i Eidsborg lener Bjerk seg mot stillaset og kikkar opp på loftet som har stått slik det gjer nå så lenge han kan hugse. 

Han veit det treng hjelp, og tiltaket han set i gang med nå er godkjent frå høgste hald. For Riksantikvaren har sett på klaga til fortidsminneforeininga –  og dei har avvist den. Dermed kan Bjerk setje i gang, og at det han gjer vil hjelpe bygget, er han trygg på. 

Karl Endre Bjerk og Stålekleivloftet april 2026.

– Det er det aller viktigaste – at me gjer noko for å ta vare på bygget for framtida, seier Bjerk, som understrekar at ingenting av det han gjer nå er irreversibelt. 

– Om nokon vil ha tilbake Stålekleivloftet slik det ser ut nå om 50 år, så er det berre å rive det me set opp nå. Me rører ingenting i det eksisterande bygget, understrekar Bjerk.

– Kunne eit frittståande vernebygg hjulpe Stålekleivloftet vel så mykje, utan auka snølast og trykk, utan å sperre delar av utsida for vanleg publikum, og utan at den ikoniske utsjånaden gjekk tapt?

Då er det Bjerk sin tur til å svare:

– Det ønskjer eg ikkje å kommentere.

Powered by Labrador CMS