Debutantar: Johannes Kildalen (t.v.) og Tor Stian Storbukås motbeviste veteranane i elgjaktlaget som meinte det kunne ta mange år før dei skaut dyr.

16-åringane debuterte med gevær. – Ny historisk oppleving for jaktlaget

Østenå jaktlag i Fjågesund kan melde om to fornøgde jegerar.

Tor Stian Storbukås (16) frå Drangedal og Johannes Kildalen (16) frå Skien har vore med Østenå-laget i Fjågesund. Dei debuterte med gevær på post med ein vaksen. Meldinga frå garva jegerar fyrste dagen var at det kan ta mange år før dei klarer å skyte dyr.

Etter to timar skaut Tor Stian ein liten hjort. I det neste drivet nokon timar seinare skaut Johannes ein elg.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Ei ny historisk oppleving for Østenå-laget. Me gratulerer, er helsinga frå dei andre jegerane på jaktlaget.