Sommargjesten
Førstereis til Vest-Telemark? Då bør du kome til Dyrsku’n, meiner Mari
Namn: Mari Bjaaland Barstad
Alder: 24 år
Bur: I Flatdal
Gjer: Jobbar i barnehage som barne- og ungdomsarbeider, og utdannar meg til ambulansemedarbeidar ved sidan av.
Kva har du gjort i sommar?
– I sommar har eg nyte ferien saman med familien min, me har vore både heime, litt på tur og ei veke til Sørlandet.
Har du eit sommarminne du vil dele?
– Det beste sommarminnet i år har vel vore at Frida (11 månader) fekk oppleve sin fyrste sørlandsferie. Me var til Grimstad, ein stad eg er veldig glad i å reise til på sommaren.
Kven gjorde sist noko du sette pris på?
– Sambuaren min, Bjørn Henning Bjørge.
Kva opptek deg i lokalmiljøet?
– I lokalmiljøet har barselgruppa vore det som har oppteke meg mest det siste året. Det har blitt litt mindre nå når babyane har blitt større og mammapermisjonen for mange er over.
Kvar i Vest-Telemark vil du helst vere ein fin sommardag?
– Ein fin sommardag vil eg helst vera heime på Bjaaland Gard i Morgedal, der eg har vekse opp.
Kva ville du ha vist til nokon som kom til Vest-Telemark for fyrste gong?
– Då ville eg fått dei til å kome i dyrskuhelga, så dei fekk oppleve Dyrsku’n i Seljord.
Har du eit ord eller uttrykk frå Vest-Telemark som du likar godt?
– Eit uttrykk eg synest er litt artig er «Det æ´kje beint når det æ skakt».
Er det nokon du vil sende ei sommarhelsing til?
– Eg vil sende ei sommarhelsing til tanta mi, Tone Margit Bjaaland, som bur i Oslo, men kjem frå Morgedal.