Denne gjengen har storkosa seg på Norway Cup, men i dag var det stopp
Theodor Seltveit (13) og dei andre på Åmdal/Tokke-laget er i ferd med å ha ei av dei mest innhaldsrike vekene sine.
Oppdatert torsdag: Åmdal-Tokke G13/14 tapa kvartfinalen i A-sluttspelet i Norway Cup mot Førde. Det måtte straffer til for å skilje laga på Abildsø.
Theodor Seltveit, som nyleg har fylt 13 år, er ein av fleire debutantar frå Åmdal-Tokke i Norway Cup. Skafså-guten storkosar seg på Ekebergsletta.
– Det er stort å få vera med på dette. Eg må innrømma at eg ikkje hadde sett føre meg at det skulle gå så bra som det har gjort. Vårsesongen var ikkje særleg oppløftande for oss, men me har gjort det mykje betre i Norway Cup enn i serien, seier Theodor til Vest-Telemark blad.
Theodor er ein energisk og utadvend tenåring som hevdar seg på fleire arenaer. Han er også mellom dei beste skiskyttarane i landet i sin aldersklasse. Han har vunne store skiskyttarrenn og har topplasseringar både i Kvalfoss-sprinten og Liatopp-sprinten, dei to største arrangementa for rekruttar i denne aldersgruppa. Om sommaren er det fotball som gjeld.
Til Oslo reiste laget med åtte spelarar. Dermed har dei berre éin innbytar i kvar kamp.
Stiller med eit ungt lag
Berre ein tredel av laga er att når kampane torsdag tek til i den store turneringa. Difor er det gledeleg for Åmdal-Tokke Fotballklubb at laget også denne gongen har spela seg fram til torsdag.
Svein Seltveit, far til Theodor og ein av trenarane på G14-laget, rosar klubben.
– Dei legg verkeleg godt til rette for at me skal få eit bra opphald.
Heile seks av dei åtte spelarane som er med til Oslo, er fødde i 2013. Det betyr at laget kan stilla med nesten same tropp også i 2027. Med den utviklinga fleire av spelarane har vist, kan klubben få eit slagkraftig G14-lag også neste år.
Har gjort mykje meir enn å spela fotball
På spørsmål om kva dei har gjort utanom kampane, fortel Theodor at det har vore mykje å oppleva.
– Det skjer noko heile tida på Ekebergsletta. Me har prøvd å få med oss dei andre Åmdal-Tokke-kampane, og me har sett andre lag spela. Me har også testa bowling, og sundag såg me Odd mot Strømmen.
Han kjem til å reisa heim med mange gode Norway Cup-minne.
Anders Heggstad, som er ein del av trenar- og støtteapparatet, er godt nøgd med innsatsen.
– Me er kjempenøgde med det G14-laget og dei andre laga våre har prestert. Dei har lagt ned ein stor innsats. Det var ein viss risiko å reisa hit med berre åtte gutespelarar, men det har gått bra. Så langt har ingen fått skadar som har gjort at dei har måtta stå over.
Åmdal-Tokke hadde tre lag i Norway Cup. Dei to andre laga er nå ute. Også Treungen J16 er ute av Norway Cup.