Åmdal/Tokke er klare for kvartfinale
Slo hallingdølane frå Ål i 8-delsfinalen i ettermiddag.
Gutelaget frå Åmdal Tokke (G13/14) gjekk vidare til A-sluttspel. Dei vann 16-delsfinalen mot Ørsta (3-0) og møtte i ettermiddag Ål frå Hallingdal. Her blei det siger 3-2. I morgon klokka 11 møter dei Førde i kvartfinale. Gutane spelar 7-ar-fotball på Ekebergsletta.
I gruppespelet blei det tap mot Flaktveit (2-5), men siger både mot Batnfjord/Reinsfjell (5-4) og Falkeid (2-1) og andreplass i gruppa.
J13/14-laget frå Åmdal Tokke gjekk også vidare til A-sluttspelet, og vann 16.-delsfinalen onsdag. I 8-delsfinalen i ettermiddag blei Sund for sterke og vann 3-1.
J16-laget frå Treungen gjekk vidare til B-sluttspel og vann i dag 16-delsfinalen. I neste runde var det slutt; Ranheim vann 6-0 i ettermiddagskampen.
For J 13-laget frå Åmdal-Tokke vart det tap i dag. Dermed er Norway-cupeventyret over for dette jentelaget frå Tokke.