To personar står i eit kjøken med treinnreiing.
Ulrike Zubke-Goken (f.v.) og Emma Zubke på Airbnb morgonen etter dei kom inn i hytta.

Tyskarane skal bruke Airbnb heile ferien

Familien Zubke frå Tyskland bur på ei av hyttene Knut Olav Edland leiger ut på Airbnb. Dei liker godt denne måten å bu på og er nøgde med valet.

Publisert
To syklar ved eit trenaust og ein mørk varebil på graset.
Tyskarane har tatt med seg syklane sine.
Gul hund med sele etse ved ein omn inne.
Hunden Boule er tørst.

Ulrike Zubke-Goken, Emma Zubke og Anderas Zubke bur på Airbnb-hytta til Knut Olav Edland eit steinkast unna Songavatnet i Vinje. Dei er veldig nøgde med at det er så stille og fint der og at dei kan ha med seg hundane Boue og Frida.

Dagen dei kom fram hadde dei køyrt rett ettet midnatt frå heimbyen Lüneburg i mellom Hamburg og Bremen i Tyskland. Så til Hirtshals i Danmark der dei tok båt til Kristiansand.

– Me er trøytte, men lykkelege for å vere framme, seier Ulrike.

Kvifor på fjellet?

Emma hadde sett Mjonøy på Instagram før familien tok turen til Noreg. Det var ein plass dei måtte innom på noregsturen. Derfor valte dei å bu på ei hytte i Vinje.

Det var likevel fleire grunnar til at dei ville busette seg så langt oppe på fjellet. 

Bord med mat, drikke og servise i eit rom med trestolar og vindauge.
Frukosten er ferdigspist på hytta.

– Me likar å gå turar, sykle, lese bok og nyte naturen, seier Ulrike, og derfor er det perfekt å vere så langt oppe på fjellet. 

Edland fortel at dei kan låne båt og kano. Det vil dei gjerne. 

– Bør kjøpe ost

Andreas spør om kva eigedommen blei bruka til før. Der hadde familien til Edland geiter. 

– Wow, seier dei og fortel om sauene dei har sett der. 

To personar står i ein smal gang med treveggar og vindauge.
Knut Olav Edland viser Ulrike Zubke-Goken korleis vifta på badet funkar.

Edland anbefaler dei å ta ein tur innom Lega for å kjøpe ost. 

– Har dei brunost? spør Ulrike. 

– Ja det har dei, seier Edland og anbefaler dei å kjøpe ein anna type ost også. 

Seinare skal tyskarane til Oslo før dei byrjar på turen heim. Då skal dei køyre gjennom Sverige og leige Airbnb i Oslo og Norrköping i Sverige.

Tre personar sit ute ved ein grusveg med åkrar og fjell i bakgrunnen.
Ulrike Zubke-Goken, Knut Olav Edland og Anderas Zubke snakkar saman om kva dei kan gjere i nærområdet.





Powered by Labrador CMS