Airbnb:
Superverten Knut Olav leiger ut hytter for opp mot 500 000 i året
Knut Olav Edland er éin av dei som leiger ut via Airbnb. Det gjer han for å halde gardseigedomen ved like.
– Du kallar det Airbnb-utleige. Eg kallar det for forvalting av garden, seier Knut Olav Edland, som har hatt hytter på gardseigedommen ute for utleige på Airbnb i over åtte år.
Han har drive med utleige av hytter lenge. Det var noko han fekk beskjed om at var lurt då han gjekk på skule. Sidan han har 33 bygg på eigedommen er det ein grei måte å kunne halde styr på hyttene.
Edland leiger ut fire hytter og eitt hus på Airbnb. I tillegg leiger han ut hyttene på den norske hytteutleigenettstaden «Inatur».
Til saman leiger den entusiastiske Airbnb-eren ut hytter for 400 000 til 500 000 kroner i året.
Superhost
Edland har ein rating på 4,73 av 5 stjerner inne på Airbnb, han er ein såkalla «superhost». Det vil seie at han sørger for at dei som bur hos han har eit godt opphald og at dei er så nøgde med besøket at dei gjev fire eller fem stjerner.
– Det er jo artig å halde den ratinga oppe, seier han.
Ofte når Edland har Airbnb-gjester prøver han å ta turen innom dei. Iallfall om dei skal vere der nokre dagar. Han fortel at det kan vere med på å få ratinga opp.
– Det er vanskelegare for dei å gje ein dårleg karakter når dei har møtt meg, seier Edland og ler.
Lønsamt hyttekjøp
Det varierer kva hytter som har flest besøkande. I år har det vore hytta i nærleiken av Edland sentrum som har vore mest populær. Den plagar Edland å leige ut for frå 100 000 til 120 000 i året.
– Eg har ikkje tapt på kjøpet av ho, seier Edland.
Hytta kjøpte han for 100 000 kroner i 1989. Edland har seinare bruka litt tid på å pusse opp. Det å finne møblar er lett når ein kan bruke litt tid på Finn.
– Der er det jo slike Krogenæs-møblar som på 90-talet kosta masse, men som nå nærast blir gjevne bort. Det er ingen som forventar at det er heilt perfekt, seier han.
Ikkje så glad i å vaske
Hovudoppgåva til ein som leiger ut på Airbnb er å vaske og å sørge for at det ser ordentleg ut i utleigehyttene. Det gjer det lettare for Edland å finne ut kva som ikkje er som det skal i hyttene han eig.
– Då ser eg at der er ei list laus eller noko anna som må bli fiksa, og då gjer eg det, seier han.
For å gjere hytta klar mellom kvart besøk må han vaske heile hytta, støvsuge, stryke og vaske dukar. Det er vanskelegare å vaske og rydde hytta utan straum, fortel han.
– Eg har informasjon om at ein må regne med litt smuss der. Men det har eg på alle eigentleg, seier han og ler.
Han vil ikkje heilt svare på om han likar å vaske og rydde.
– Det er ein jobb som må gjerast, seier han og legg til at det som oftast berre tek ein time å gjere det klart til neste gjest.
Likevel har han alltid ein «slack» på ein dag når han må rydde og vaske ut av hytta, då får han ikkje så dårleg tid.
Blir kjent med folk frå heile verda
Edland fortel at det er mykje rart han som Airbnb-utleigar møter. Nokon gonger kan det vere franskmenn som ikkje klarer å tenne på i peisen.
– Dei trudde det var som i Disney, der dei berre tenner ei fyrstikk og set han i stamma og så tek det fyr. Eg måtte prøve å forklare at dei må bruke noko smått og så prøve å få det til å ta fyr, seier han.
Det enda med at Edland måtte ta turen opp til hytta for å få fyr for dei fem unge franskmennene som skulle på fisketur.
– Då lærte dei fort at det ikkje funkar å gjere som dei gjer i Disney, seier han.
Han har hatt gjester frå mange plassar i verda. Flest kjem frå Europa og Noreg. Men han har hatt gjester frå plassar som Mexico, Sri Lanka og Kina.
Sjølv er Edland glad i å bruke Airbnb når han er ute å reiser.
– Kanskje mest fordi det på ein måte er ein «fellesskap» med utleigarar, og fordi der er moro å sjå kva andre tilbyr og kva standard dei legg seg på, seier han.
– Kan ikkje berre drive på med ein ting
Det er ikkje berre utleige Edland driv med for å få garden til å gå rundt. Om vinteren driv han til dømes på med brøyting, om hausten driv han mykje med jakt og transport i båt til jakta. Når det er jakt leiger han også ut til nokre som har leigd hytte for rypejakt i mange år.
– Ein kan ikkje berre drive på med ein ting, seier han.
Om sommaren driv Edland mest med utleige av hytter på eigedommen. Han driv også på med transport over Songavatnet.
– Det er altfor fint å jobbe om sommaren til å ta ferie, seier han.
Edland brønnboring har blitt tatt over av sonen til Knut Olav, Odd Steinar Edland. Det å drive med hytteutleige på Airbnb vil vere ein pensjonistaktivitet.