Arne Hurlen og Postgirobygget i Treungen for ti år sidan.

Postgirobygget-vokalisten trivst i Treungen, men det er éin ting han gjerne skulle fått sett medan han var der

– Eg er nysgjerrig på Jettegrytene. Det er litt irriterande at det aldri har passa i programmet. 

Publisert

Det seier Arne Hurlen til VTB. Vokalisten i Postgirobygget har stått på scena på Sommarsletta i Treungen snart eit tosifra tal gonger – og han nyter det å vera ein del av festivallivet. Men Jettegrytene har han berre høyrd om, og sett bilde frå. 

– Det er litt leit å ikkje ha fått oppelve det. 

Det får dei neppe tid til i år heller. På dagtid laurdag står sommarbandet over alle sommarband på scena på Fjordfesten i Sandefjord. Nokre timar seinare er dei det nest siste bandet ut på Treungenfestivalen. Etter dei er det berre Staysman – og det spektakulære avsluttingsnummeret – att.

Og det er verdt å få med seg – også for dei som er mest vande med å sjølve vera underhaldninga. 

– Eg hadde aldri sett Staysman live, men fekk oppleve det på Treungenfestivalen. Det er jo hans heimebane. Det var utruleg moro å sjå. Eg gjekk berre rundt og smilte og lo, seier Arne Hurlen. 

Dei to var med i den same sesongen av TV2-programmet Hver gang vi møtes i 2021 og har blitt gode vener.

Lett å trivast backstage 

Hurlen seier festivalkonsertane ikkje skil seg så mykje frå kvarandre, men det er éin ting bandet set ekstra pris på når dei kjem til Treungen. 

Fire personar sit i ein open motorbåt på vatnet med fyr og øy i bakgrunnen.
Postgirobygget markerer denne sommaren at det er 30 år sidan starten. Laurdag kjem dei til Treungen.

– Det er ein fantastisk stad og ein flott festival. Spesielt backstage-området, der er det lett å bli sitjande. Me har mange gode minne derifrå, seier Hurlen. 

– Korleis er det å ha to spelejobbar på same dagen og klare å levere på båe?

– Det går veldig greitt. Me er vande med dobbeltjobbar. Eit år prøvde me tre konsertar på ein dag. Det var litt mykje. Då var me tome etterpå, seier Hurlen med eit smil om det som blei eit prøveprosjekt som aldri blei gjentatt. 

Sjølv om dei trivst i Treungen, er det ein annan plass i Telemark som er hjartet endå nærare. Wrightegaarden i Langesund er «høvdingen av tradisjonar». Her har dei spela fast sidan starten for 30 år sidan – og som regel er det to konsertar i løpet av ei helg; ein med 18-årsgrense og ein med 20-årsgrense. 

– I 1996 hadde me vel konsert inne, men sidan 1997 har det vore ute i hagen – også under covid, rett nok med restriksjonar. 

Wrightegaarden har blitt heimebane. Det kjem stadig fleire folk – og nye generasjonar. 

– Det er noko med stemninga, det sjønære. Postgirobygget og Wrightegaarden er som hand i hanske, meiner Hurlen. 

– Så er det ikkje negativt at to i bandet har fått dame frå området og flytta til Langesund, legg han til med eit smil. 

I dvale resten av året

Sommaren er synonymt med arbeid for det populære bandet. Slik har det vore i 30 år. 

– Det er ein livsstil. Men det er så gøy å rundt på tur. Så held me det til sommaren. Resten av året er me i dvale. Det trur eg er nøkkelen til å halde ut så lenge, seier Hurlen. 

Snittalderen på Postgirobygget-publikummet blir berre yngre. Bandet har blitt eit fenomen – gjennom barnehage og skule. Alle skal gjennom «Postgirobygget-kverna». 

– Om det hadde vore fri aldersgrense på konsertane ville det vore folk mellom 8 og 80 år til stades. Det er heilt fantastisk. Ein kan ikkje vera anna enn audmjuk og stolt, seier Hurlen. 

Feirar 30 år

Jubileumssommaren er meir hektisk er vanleg. Etter å ha besøkt diverse festivalar, blir det i august tre gigakonsertar; i Oslo, Trondheim og Bergen.

– Eg forventar at eg kjem til å kjenne litt meir enn vanleg på nervar. Det blir gjester på scena og me spelar lenger enn me plagar med eit potpurri gjennom katalogen til Postgirobygget. Det blir gøy og spennande. Me har førebudd oss godt, seier vokalisten. 

Nyleg lanserte dei eit nytt album «Din tur» med 23 låtar. Fleire av songane inneheld referansar til debutalbumet «Melis», som gav publikum klassikarar som «Idyll», «En solskinnsdag» og «Sløv uten dop».

Albumet kan vera det siste. 

– Det føles litt slik. Samstundes så er det berre å la seg imponere av Rolling Stones som gjev ut plate når dei har passert 80 år. 

– Og me turnerer så lenge folk vil ha oss, og me synest det er gøy, men det blir nok litt nedtrapping – og litt høgare prioritering av ferie, avsluttar Postgirobygget-vokalisten. 

Powered by Labrador CMS