Korttidsutleige i Vest-Telemark

Kart med mange blå markørar spreidde over eit område.
Airbnb-marknaden i Vest-Telemark. Koordinatane i kartet er henta frå annonsane, men er ikkje nødvendigvis 100 prosent nøyaktige.

Dobla på tre år: I fjor blei det leigd ut for 120 millionar via Airbnb

Stadig fleire nyttar Airbnb til å leige ut hus, hytter, stabbur eller småbruk i Vest-Telemark. Berre i Vinje passerte den samla omsetninga i fjor 50 millionar kroner. 

Publisert Sist oppdatert

Den totale estimerte omsetninga i dei seks kommunane i Vest-Telemark var i 2022 på 61 millionar kroner. Sidan den gongen har inntektene frå korttidsutleige auka jamt og trutt – til 82 millionar i 2023, 101 millionar i 2024 og 120 millionar kroner i 2025.

Det har altså vore nesten ei dobling i Airbnb-økonomien i regionen i løpet av tre år.

Juli i fjor var den mest lukrative månaden samla sett for Airbnb-utleigarane. Då var den totale omsetninga på meir enn 23 millionar kroner. Dette er toppmånaden i både Kviteseid, Nissedal, Tokke, Fyresdal og Seljord.  I Vinje derimot er det vinteren som skil seg ut. I februar i år passerte den estimerte omsetninga hos Airbnb-utleigarane samla 10,9 millionar kroner.  

Det viser tal frå analyseselskapet Airdna om korttidsutleigemarknaden.  

Om tala

 Fakta og talgrunnlag i denne saka er utarbeidd av Samarbeidsdesken, eit journalistisk fellesprosjekt mellom Landslaget for lokalaviser (LLA), Senter for undersøkende journalistikk (SUJO) og NRK.

Samarbeidsdeskens kartlegging er eit augeblikksbilde. Enkelte annonsar kan vera aktive utan at det er mogleg å bestille overnatting. Andre annonsar kan vera utelatt fordei dei er fullbooka eller anna. 

Dei estimerte tala på omsetning i korttidsutleigemarknaden er frå ananlyseselskapet Airdna og baserer seg på totalt tal overnattingsdøgn og snittpris. 

1000 val

Totalt i heile Vest-Telemark var det i snitt vel 1000 tilgjengelege utleigeeiningar på Airbnb kvar månad i dei fem første månadene av 2026. Om lag halvparten av desse var i Vinje.

Det er hyttekommunane som toppar; også i Kviteseid og Nissedal har det vore mange utleigeeiningar tilgjengeleg.

Det finst både privatvertar, verksemdsvertar  (profesjonelle utleigeselskap) og reiselivsbedrifter som leiger ut. Flest er det av dei private. 

Talet på utleigeeiningar samla har meir enn dobla seg sidan 2022, men snittprisen har halde seg relativt stabilt. 

Utleigemarknaden varierer frå dei største som hytte ved Hardangervidda med sju soverom og 24 sengeplassar, til små hytter for 1 eller 2 personar. 

Vil stramme inn

Regjeringa vil nå gje kommunane større høve til å regulere Airbnb og annan kortidsutleige. I samband med revidert nasjonalbudsjett i juni blei det kravd at regjeringa til hausten må legge fram nye lovforslag som gjev kommunane utvida mynde.

Frå Stortingetsfleirtalet

Stortinget ber regjeringa sende på høyring forslag til lovendringar som gjev kommunane betre verkemiddel til å regulere korttidsutleige lokalt i løpet av 2026. Høyringsnotatet skal inkludere ein modell som gjev kommunane høve til å forby korttidsutleige i heile eller delar av kommunen. Stortinget ber vidare regjeringa leggje til rette for betre offentleg tilgjengelege data om korttidsutleige.

Bakgrunnen er at politikarane meiner Airbnb og liknande tenester har etablert seg som ein trussel mot bustadmarknaden. Tidlegare i år publiserte regjeringa ein rettleiar for kommunane som ynskjer å regulere korttidsutleige. 

Også konkurranse blir trekt fram. NHO reiseliv er blant dei som lenge har arbeidd for strengare regulering. 

– Korttidsutleige er eit viktig supplement til det norske reiselivsproduktet og gjer også konkurransen meir skjerpa, men me må ha eit klart skilje mellom privat utleige og næringsverksemd. Det er avgjerande både for lokalsamfunna og rettferdig konkurranse i næringa, uttala Ole Michael Bjørndal på heimesida til NHO reiseliv etter semja om revidert nasjonalbudsjett. 



Powered by Labrador CMS