LEIAR
Nye fjelltunellar i det blå
I mindretalsregjeringa sitt forslag til Nasjonal transportplan (NTP) 2022–2033 er det flott at det er bana veg for fem nye utbyggingsprosjekt på E134. Dei er kostnadsrekna til 10,8 milliardar kroner. 6,2 milliardar av desse skal kome frå staten. Resten blir køyrd inn ved hjelp av bompengar – eit for mange upopulært innslag for å få gjennomslag.
Då dagens NTP fram til og med 2029 blei vedteke i Stortinget for fire år sidan, var oppstart av E134-tunell frå Røldal til Seljestad ført opp i 2024. Så gav transportkomiteen grønt lys for å byrje på tunellen i 2022/2023. Det var derfor heilt naturleg og slett ikkje uventa at regjeringspartia Høgre, Venstre og Kristeleg folkeparti nå har med tunellprosjektet i fyrste seksårsperioden av ny NTP. Staten skal etter forslaget løyve 2535 millionar kroner til satsinga, og i tillegg er det tenkt 526 millionar kroner i bompengar. Kva år utbygginga startar, får me vente og sjå.
Mot slutten av gjeldande NTP er det nemnt 300 millionar kroner, av desse 50 millionar i bompengar, til å byrje på ny tunelløysing oppe på sjølve Haukelifjell seinast i 2029. Regjeringa har i det ferske forslaget sitt sett pengebremsen fullstendig på med tanke på nye fjelltunellar i det området. Ny NTP inneheld hundrevis av sider, men ordet Haukelifjell kan me ikkje sjå at det er funne plass til. Det regjeringa har med er at vidare utvikling av vegsambandet aust–vest på E134 vil inngå som ein del av arbeidet i neste NTP. Og så må me nemne at ny NTP denne gongen ikkje har med summar til nokon nye vegprosjekt i landet i siste seksårsperioden fram til 2033.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP