Kraft: Stein Versto, Hæge Manheim og Per Anders Buen Garnås bidrog på ulike vis under opninga av Litteraturdagane i Vinje.

Kraft i arven etter Aslaug Vaa

Under opninga av Litteraturdagane i Vinje var det forfattarskapen til Aslaug Vaa som var i fokus.

Publisert

Torsdag vart dei 23. Litteraturdagene i Vinje opna ved Vinjesenteret. Temaet under årets litteraturdagar er kraft. Yngve Knausgård, arenaleiar ved Vinjesenteret starta med å snakke om at ein forvaltar ei litterær arv og at det er kraft i den arven.

I opningstala til ordførar Jon Rikard Kleven snakka han om at litteraturen har kraft. Kraft til å ta opp samfunnsendringar, at litteraturen viser strøymingar i samfunnet. At det er stor kraft i retorikk og taler og i diktstrofer. Han trekte mellom anna fram «I have a dream» og «Det er den draumen».

Vidare snakka han om at litteraturen har endringskraft, at den kan provosere og at den kan gje oss mot.

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS