Tone fann kjærleiken. – Me levde i skjul i eit halvt år
Tone Wik Kåsa trakk seg som friar på «Jakten på kjærligheten» på TV2. Kort tid etter møtte ho Simen.
– Det var litt av ein start, ler Tone.
Deltakarane på «Jakten på kjærligheten» hadde fått streng beskjed om at dei ikkje skulle røpe korleis det gjekk før serien hadde blitt sendt på TV, og derfor kunne ikkje Tone fortelje at ho hadde fått seg kjærast før serien var ferdig.
Det har ikkje berre vore lett. Sidan dei ikkje kunne vise seg offentleg saman har dei halde seg mykje for seg sjølve.
– Me har gått éin og éin på butikken, vore mykje på hytter og gøymt oss vekk på heia, ler ho.
Fortalde det tidleg
På Fjone, der Tone har budd det siste halvåret, har det heller ikkje vore så greitt å ha besøk. Fjonevegen går gjennom gardstunet der ho bur.
– Og folk er jo nysgjerrige, seier ho.
For Simen var det òg rart å måtte sjå den nye kjærasten date på TV.
– Eg fortalde det til han relativt tidleg, fortel ho.
Tone grudde seg til det, og er glad for at han takla det bra.
Å ikkje kunne svare når folk har spurt henne har vore noko av det mest utfordrande. For å lyge er noko ho ikkje er god på, fortel ho.
Derfor var det godt då programmet endeleg var ferdig. Då reiste dei to til Milano for å feire.
Flyttar til Lillehammer
Odelsjenta frå Fjone fann seg ikkje ein bonde, men ein lege.
Om det på sikt blir gardsliv på paret er usikkert.
– Men han likar seg i Nissedal, seier ho.
Etter nyttår flyttar Tone til Lillehammer der kjærasten bur, og skal fullføre ei spesialisering.
– Så får me sjå kvar me hamnar etter det, seier ho.